1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
  5. Slik lagar du espresso ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slik lagar du espresso

Espresso er ein liten kopp med mørk, sterk og aromatisk kaffi. Denne kaffien er utgangspunktet for mange ulike kaffidrikkar med mjølk, men kan òg drikkast åleine.

Ei hand held ein liten kopp med espresso. Foto.
En mann kverner kaffe i en espressomaskin. Foto.
Fyll nykverna kaffi i bajonetten.

For å lage god espresso er det viktig å ha ei god espressomaskin, ei god kaffikvern og kvalitetskaffi. Ein lagar espresso ved at vatn blir pressa raskt gjennom finmalen kaffi under høgt trykk, optimalt sett 9 bar.

1. Start maskina
Les bruksrettleiinga for maskina nøye. Kontroller at temperaturen er om lag 90 °C og trykket 9 bar. Avvik må justerast. Maskina må få tid til å varme seg opp før du startar!

Bruk ein tampar for å presse kaffien saman. Foto.
Bruk ein tampar for å presse kaffien saman.

2. Mal kaffien
Når kverna er riktig justert, skal du male kaffien. Hugs: ikkje meir enn til 1–2 timars forbruk. Doser 6,5–7,5 g kaffi i ein rein filterhaldar (òg kalla bajonett eller "grip") til om lag 30 ml væske.

3. Press kaffien

Press kaffien i filterhaldaren med eit forsiktig trykk for å få ei jamn overflate. Gi nedre del av filterhaldaren eit lett slag med baksida av stapparen, slik at kaffikorn som ligg langs veggane i filterhaldaren, blir rista ned på kaffikaka.

Espresso fylles i ein kopp. Foto.
Ein riktig laga espresso skal bruke om lag 25 sekund på traktinga, og då dannar det seg eit fint lag med crema på toppen.

Pakk deretter dei finmalne kaffikorna tett saman med eit 15 kilos trykk, slik at kaffien blir kompakt og kan yte jamn motstand når vatnet blir pressa gjennom. Øv gjerne på badevekta! Fjern kaffi som måtte liggje att på kantane av filterhaldaren, og set han på plass. Pass på arbeidsstillinga når du pakkar kaffien, slik at du unngår å overbelaste senene i handledda og armane.

Ein hand held ei kaffekake frå ein espressomaskin over ein vask. Foto.
Når espressoen er ferdig trakta, kastar du den brukte kaffikaka, og bajonetten kan fyllast på ny.

4. Start traktinga
Set den forvarma koppen under tappeholet på filterhaldaren. Start maskina. Det skal ta om lag 25 sekund å trakte ein espresso.

Dersom du skal lage to koppar, nyttar du tokoppsfilteret og dobbel mengde kaffi. Det er som regel lettare å få til ein fin crema på espressoen når ein nyttar tokoppsfilteret. Dette heng saman med korleis vatnet blir pressa gjennom kaffien i filterhaldaren. Det tek like lang tid å lage til ein enkel som ein dobbel espresso.

5. Server espressoen
Kontroller at fargen på cremaen er nøttebrun, gjerne marmorert med djupare "tigerstriper". Server med det same. Skal du lage espresso til fleire personar, er det viktig at du serverer éin og éin kopp etter kvart som dei blir ferdige. Ikkje samle fleire koppar for å servere dei samtidig. Espressoen skal drikkast med ein gong.

6. Gjer klar til neste kopp
Filterhaldaren let du stå i maskina til du skal lage til neste kopp. Slå ut den gamle kaffikaka, og tørk vekk kaffirestar før du doserer ein ny espresso i filterhaldaren.

Hugselappen

  • Espresso er ein liten mengde mørk, sterk og aromatisk kaffi.
  • For å lage espresso treng du ei kaffimaskin som kan lage kaffi under høgt trykk.

Læringsressursar

Kaffi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter