Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
  5. Slik lagar du cappuccinoChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slik lagar du cappuccino

Her får du framgangsmåten for å lage cappuccino, med stegvis forklaring og bilete.

  1. Lag espresso direkte i ein varma cappuccinokopp.
  2. Når du trenar på å stime mjølk, kan du bruke eit mjølketermometer for å overvake oppvarminga. Ver merksam på at temperaturen som du ser på termometeret, er litt forseinka, slik at den reelle temperaturen på mjølka er nokre gradar varmare. Steng stimkrana når termometeret viser 65 °C. Termometeret må ikkje komme over 70 °C, for cappuccinoen skal kunne drikkast så å seie med ein gong. Dessutan vil mjølka lukte og smake ubehageleg (risgrautlukt) viss temperaturen er høgare enn 72 °C. (Du høyrer ei aukande brumming rett før mjølka blir for varm.) «Blås ut» vatnet som ligg i stimarmen før du startar. Tappar du ikkje ut denne vassmengda, blir mjølka tynna ut!
  3. Fyll mjølkekanna litt under halvfull med kald mjølk, og tre kanna inn på stimarmen til sprayhovudet kjem rett under overflata på mjølka. Skru på stimen, og før sprayhovudet ut mot kanten av kanna slik at mjølka roterer i kanna. Samtidig høyrer du ein «vislande» lyd. Frå kald mjølk til cirka 45 °C vil skummet dannast, og du ser at mjølka stig i kanna. Ved cirka 45 °C fører du sprayhovudet inn mot midten av kanna og litt ned (nærare botnen). Hald fram med å varme mjølka til ho er i underkant av 70 °C.
  4. Skummet skal bli fløyelsmjukt. For å stabilisere mjølkeskummet bør du dunke mjølkemugga eit par gonger mot eit hardt underlag og etterpå rotere mjølka i kanna. Då brester luftboblene, og skummet blir meir kompakt og fyldig.
  5. Tørk av alle mjølkerestar på stimarmen med ein gong med ein fuktig klut. Skru på stimen eit par sekund for å blåse ut innvendige mjølkerestar.
  6. Hell mjølkeskummet forsiktig over kaffien slik at mjølkeskummet legg seg fint i koppen og det blir danna ein mørk kaffiring ytst langs kanten.
  7. Server straks. La gjesten sjølv få setje til sukker og eventuelt krydderdryss.

Hugselappen

  • Cappuccino blir laga av espresso og stima mjølk.
  • Tilhøvet er definert til 1/3 espresso, 1/3 mjølk og 1/3 mjølkeskum.

Læringsressursar

Kaffi