Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
  5. Reingjering og vedlikehald av espressomaskin ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reingjering og vedlikehald av espressomaskin

Reingjering og vedlikehald kan nok vere keisamt, men eit riktig reinhald er første bod for å få ein god espresso – kopp etter kopp, dag etter dag.

Ei espressomaskin med koppar på toppen. Foto.

Dagleg

  • Rengjøring av espressomaskin – del 1
    Espressomaskina blir gjort rein ved hjelp av eit blindfilter som ein fyller med reingjeringsmiddel.
    Børst reint vassfordelingsfilteret i gruppa (tillagingseininga).
  • Ta laust filteret frå filterhaldaren.
  • Set inn eit blindfilter i filterhaldaren. Fyll ein dose vaskemiddel for kaffimaskiner i blindfilteret, og gjer tre til fire vanlege tillagingar.
  • Tøm blindfilteret, set filterhaldaren med blindfilteret på plass att, og hald fram med tillagingar til vatnet er klart.
  • Gjer filteret og filterhaldaren heilt reine, og legg dei i vatn til neste dag.
  • Rengjøring av espressomaskin – del 2
    Slik ser eit blindfilter ut.
    Hugs å gjere stimarmen grundig rein med lunkent vatn slik at mjølkerestar løyser seg opp.
  • Skru av den ytste dysa på stimarmen. Legg dysa i vatn som er tilsett vaskemiddel for kaffimaskiner til neste dag.
  • Tøm kverna for malen kaffi. Børst behaldaren rein.
  • Gjer maskina og kverna reine utvendig med ein rein klut.


Kvar veke

  • Rengjøring av espressomaskin – del 3
    Stimarmen må ha ein grundig vask kvar dag.
    Tøm behaldaren for heile bønner, og gjer han godt rein med vaskemiddel for kaffimaskiner. La behaldaren bli ordentleg tørr før du heller på ny kaffi. Tørketips: Set behaldaren på varmeplata på espressomaskina.
  • Skru ut vassfordelingsfilteret i gruppa, og børst dette før du monterer det att.
  • Vask filteret og filterhaldaren grundig med vaskemiddel for kaffimaskiner.

Kvar månad

  • Fjern alle kaffirestar, og kontroller knivane i maleverket til kverna. Dersom kverna er sliten, må knivane bytast ut.

Årleg

  • Maskina bør ha full service. Kontroller filtera, og byt dei om nødvendig.

Hugselappen

  • Skal kaffien smake godt, er det viktig å ta reingjeringa på alvor.
  • Ein bør gjere maskina rein kvar dag.

Læringsressursar

Kaffi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter