1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
  5. Kaffi og økonomi ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kaffi og økonomi

Kaffi er Noregs nasjonaldrikk. Gjennomsnittleg drikk ein norsk kaffidrikkar fem koppar per dag. 1 kopp svarar til 1,5 dl. Kaffien kjem nok til å vere ein merkbar post på utgiftssida, men bidreg så mykje meir på inntektssida når det gjeld den fortenesta og trivselen kaffien gir!

Ein kvinneleg barista står framfor nokre kaffimaskiner. Foto.

Kvalitet lønnar seg

En kaffekopp på et bord med noen pengesedler ved siden. Foto.
God kvalitet på kaffien er god økonomi.

Som med alt anna lønnar det seg å satse på kvalitet, både når det gjeld råvarer, tillagingsutstyr og personale. Den beste kaffiøkonomien oppnår du ved å følgje reglane for god tillaging og servering av kaffi. Følgjer du reglane, hindrar det at du må slå ut kaffi unødig.

Det er viktig å ha gode kunnskapar om kaffi og tillaging

Kan du vise at dette er noko du brenn for, og kanskje til og med lære gjesten noko nytt, kjem han eller ho til å oppleve kaffien din som noko heilt spesielt.

Sel meir kaffi

Når du skal vurdere kaffiøkonomien din, er reknestykket langt meir nyansert enn berre å sjå på kiloprisen på kaffien eller dosering per liter vatn. Det du først bør konsentrere deg om, er korleis du kan selje meir kaffi!

Ei endring i kaffisalet gjer eit større utslag på inntektssida enn på utgiftssida:
• innkjøpspris per kilo: 50 kr
• dosering kaffi per liter vatn: 60 g
• utsalspris per kopp: 15 kr
• 1 kopp svarar til: 1,5 dl

Ein innkjøpskostnad på 3 kr genererer ei omsetning på 100 kr! Kan du spare mykje ved å gå ned på doseringa?

Eigentleg ikkje. Ved å redusere kaffimengden frå 110 g til 100 g på ein 1,8-liters kolbetraktar, kan du spare 3 øre i innkjøpskostnader. I praksis vil det seie at dersom du ein dag serverer 200 koppar, vil du på ei omsetning på 3000 kr spare om lag 6 kr. Men, går du ned i dosering, går det ut over kvaliteten, og du risikerer å selje mindre kaffi.

Det er ingen tvil om at konklusjonen er: Sats på kvalitet og rett dosering – då har du høvet til å selje nokon koppar ekstra!

Hugselappen

  • Nordmenn er ein kaffidrikkande nasjon, og det er mogeleg å ha god inntening på kaffien.
  • God kvalitet på kaffien er avhengig av gode råvarer og at du lagar han til på rett måte.

Læringsressursar

Kaffi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter