Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Koffeinet

Smaken, aromaen og koffeinet er hovudårsaka til at kaffien er så populær. Koffeinet skjerpar sansane og styrkjer konsentrasjonen. Koffein finst naturleg i kaffi, te, kakao og sjokolade og blir tilsett i brus, "energidrikkar" og smertestillande medisinar.

Ung gut les avis på kafé. Foto.
Kaffe i en hvit kopp med hvit asjett. Foto.
Det er viktig at du kosar deg med den kaffien du drikk, for vi veit alle at trivsel er viktig for helsa!

Verknaden av koffeinet varer nokre få timar. Nokon merkar dette meir enn andre. Til dømes kan kaffidrikking om kvelden utsetje søvnen. Andre kan reagere med å bli rastlause og spente dersom dei drikk for mykje kaffi eller te. Svært få reagerer likevel sterkt, og dei fleste finn lett ut kor mykje koffein dei toler.

Dersom du skulle vere ekstra kjenslevar overfor verknaden av koffein, kan koffeinfri kaffi vere eit godt alternativ. Som med all annan mat og drikke er det fornuftig å drikke moderate mengder kaffi som ein del av eit godt og variert kosthald.

Kva blir rekna som eit «moderat forbruk»?

Helseekspertar reknar 500–600 mg koffein per dag som eit trygt inntak. Dette svarar til seks til sju koppar kaffi om dagen. Kor mykje kaffi du drikk, kjem sjølvsagt an på kva du føretrekkjer og kor kjenslevar du er overfor koffein.

Hugselappen

  • Koffein finst naturleg i kaffi, te, kakao og sjokolade.
  • Koffein skjerpar sansane og styrkjer konsentrasjonen.
  • Seks-sju koppar kaffi blir rekna som eit trygt inntak av kaffi.

Læringsressursar

Kaffi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter