Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dersom kaffien ikkje smakar

Smakar ikkje kaffien som venta? Dette kan ha fleire årsaker. Her skal vi sjå på dei 11 vanlegaste feila.

Ein kopp med kaffi. Foto.

1. Dårleg reinhald

Avleiringar i røyr, tappekranar og behaldar gir kaffien ein vond smak. Syt for ordentleg og regelbunden reingjering.

Kaffireins. Foto.
Kaffireins er viktig når ein skal gjere kaffitraktaren rein.

2. Feil dosering

For mykje eller for lite av anten vatn eller kaffi gir ubalanse. Kontroller at du bruker rett mengde kaffi, og at maskina avleverer den mengda vatn som er oppgitt. Dette kan du kontrollere ved å måle det vatnet som renn ut.

3. Feil malingsgrad

Bruker du for fin malingsgrad, blir kaffien beisk og bitter. For grov malingsgrad gir tam og tynn kaffi. Hugs å tilpasse malingsgraden til den tida maskina bruker på å avlevere vatnet. Dess lengre tid, dess grovare malingsgrad. Dess kortare tid, dess finare malingsgrad.

Hauger med kaffe malt i ulike malingsgrader på en rekke. Foto.
Malingsgraden på kaffien må passe til innstillingane på maskina.

4. Kaffien er feil lagra

Dersom kaffien er lagra for varmt og fuktig, eller dersom han har stått for lenge i ein open behaldar, misser han smaken.

5. Kaffisenga i filteret er ujamn

Dersom kaffisenga ligg skrått, får noko av kaffien mindre kontakt med vatnet. I verste fall kjem han aldri i kontakt med vatnet. Resultatet blir flau og tynn kaffi. Kontroller alltid at kaffien ligg pent og jamt. Dette justerer du lett ved å riste litt på filteret.

6. Feil temperatur på vatnet

For varmt vatn gir bitter kaffi. For kaldt vatn gir tynn og flau kaffi. Kontroller temperaturen ved å halde eit termometer under vasstrålen ved utløpet. Vatnet skal vere mellom 92 °C og 96 °C.

7. Feil kontakttid mellom vatn og kaffi

Kontakttida heng saman med malingsgraden. Sjå punkt 3. Du bør kontrollere om maskina di leverer vatnet seinare eller raskare enn det som er oppgitt. Ta tida frå det begynner å renne, til det sluttar. Er tida feil, kontaktar du leverandøren. Dersom du har ei maskin som er konstruert slik at ho ikkje oppnår rett kontakttid, bør du vurdere å byte ho ut.

8. Du har laga for lite kaffi høve til maskina sin kapasitet

Du må aldri lage mindre enn tre firedelar av maskina sin kapasitet. Lagar du mindre, blir kontakttida for kort, og kaffien blir tam i smaken. I nokre tilfelle er òg høgda på kaffisenga for låg, slik at vatnet renn igjennom utan å vere i særleg kontakt med kaffien.

9. Vatnet

Dårleg vasskvalitet kan setje ein bismak på kaffien. Bruk alltid kaldt vatn frå springen, aldri lunkent eller varmt eller vatn som har stått ei stund.

10. Vatnet blir fordelt ujamt over kaffien

Her er det fleire ting som kan verke inn:

  • Sprayhovudet, som avleverer vatnet, kan vere delvis tett på grunn av manglande reingjering. Ta ut sprayhovudet, og gjer det reint.
  • Kontroller vasstrykket. Dersom det er ujamt, kan dette òg vere ei årsak.
  • Kontroller at maskina står vassrett.
  • Kontroller at filteret sit rett i.

11. Kaffien

I einskilde tilfelle kan det vere noko gale med kaffien. Då vil kaffileverandøren gjerne ha melding om dette. Returner kaffien i originalemballasjen saman med merknadene dine.

Læringsressursar

Kaffi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter