Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kaffi

Dersom vi ser bort frå vatn, er kaffi ein av dei mest utbreidde drikkene i verda. Over hundre millionar menneske er med på å produsere, foredle, eksportere, transportere, selje og distribuere kaffi.

Ein kopp med kaffi. Foto.

Nordmenn er i aller høgste grad med på å halde etterspurnaden etter kaffi på topp. Det finst knapt nokon land i verda der ein drikk så mykje kaffi per innbyggjar som i Noreg.

Det meste av kaffien som blir importert til Noreg, kjem frå Sør- og Mellom-Amerika, Aust-Afrika og Asia. Sjølv om kaffien stort sett er frå den same bønna, kan han smake svært ulikt frå land til land. Jordsmonn, sol, væte og høgde over havet er nokon av mange faktorar som spelar inn.

Den perfekte blandinga

Når kaffien kjem til Noreg, blir ulike typar kaffi blanda saman for å få ein mest mogeleg harmonisk kaffi. Ei blanding er vanlegvis sett saman av fem til ti sortar kaffi. Å plukke ut ulike typar til ei perfekt blanding er både ein kunst og eit fag.

Kaffien blir brend

Etter at kaffien er ferdig blanda, blir han brend. Kor lenge kaffien blir brend og ved kva for temperatur, kjem an på kva for smakseigenskapar ein ønskjer at den ferdige kaffien skal ha.

Male kaffien

Ein mel kaffien for at smaks- og aromastoffa i bønnene lettare skal bli overførte til vatnet. Les meir om brenning og måling av kaffibøner.

Lage kaffi

I ein kolbe bruker du 60 g kaffi per liter vatn. I dag er det populært å lage kaffi i presskanne. Les meir om å lage kaffi.

Oppbevar kaffien rett

Opna posar bør brukast raskt. Kaffien kan trekkje til seg smak og lukt frå andre matvarer. Er lufta varm og fuktig, skjer nedbrytinga raskare.

Ein god kopp kaffi

  1. Kaffibæra modnar på kaffibusken.
  2. Bæra blir plukka og skrelte.
  3. Bønnene (kjernane) blir brente og malne.
  4. Ulike kaffisortar blir kombinerte til ei harmonisk blanding.
  5. Den ferdigpakka kaffien blir kjørt ut til butikkar og kaféar.
  6. Til slutt kan du nyte cappuccinoen din i ro og mak – og fundere på kor mange mellomhandlarledd kaffien har vore gjennom!

Visste du at

Læringsressursar

Kaffi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter