Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Servering og drikkevarer

    Servitøren må ha brei kunnskap om alt frå å klargjere restauranten til servering og kunnskap om mat og drikkevarer. Det er viktig at gjesten får ein god harmoni i måltidet, og ei god totaloppleving av oppdekking, servering og service. Drikka må ikkje overdøve maten, og heller ikkje omvendt.

    Varme drikkar

    Kaffi, te eller kakao? Kva føretrekkjer du? Dei fleste matstader og barar tilbyr eit utval av varme drikkar, og som servitør er det viktig å ha god kunnskap om framstillingsmåtar, tillaging og servering av dei vanlegaste typane.