Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. ServeringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppdekking

Grunnregelen når det gjeld oppdekking, er at alt skal plasserast i same avstand frå bordkanten. Det er mange måtar å dekkje eit bord på. Kvar bedrift dekkjer på sin måte. Det er lurt å følgje ei bestemd rekkjefølgje for oppdekking for å få eit ryddig og oversiktleg bord med kuvertane plasserte overfor kvarandre.

Et bord som er dekket opp til a la carte. Foto.
Servitør dekkjer bordet. Foto.
Ver nøyaktig når du dekkjer, slik at bestikket ligg likt på alle kuvertane. Hugs å vaske hendene før du tek i reint bestikk! Poler glasa før du set dei på bordet.

Kuvert

Kuverten består av det gjesten treng for å ete eit måltid:

  • glas
  • kuvertasjett
  • serviett
  • bestikk

Salt og pepar bør stå i nærleiken.

Når du skal dekkje eit bord, er det viktig å vere nøyaktig. Kuvertane må vere like breie og ha form som eit kvadrat. Bestikket på den eine sida av bordet skal liggje nøyaktig på linje med bestikket på motsett side. Bestikket og tallerkenane skal liggje cirka 1,5–2 cm frå bordkanten. Glasa skal stå på linje langs heile bordet. Servietten skal stå på same plass på alle kuvertane i lokalet og samtidig vende mot gjestene.

Det er ofte ein smakssak korleis vi dekkjer eit bord. Men rettane som skal serverast, og forma på bestikket er med på å avgjere dekkjemåten. Dersom du dekkjer opp i denne rekkjefølgja, er det mest effektivt, og du slepp å rette på oppdekkinga:

  • Dra stolen ut frå bordet.
  • Legg på duk.
  • Set stolen pent inntil att.
  • Dekk på hovudrettsbestikk.
  • Dekk på forrettsbestikk.
  • Dekk på dessertbestikk.
  • Dekk på vinglaset som skal vere til hovudretten, sidan dette skal stå rett overfor hovudrettskniven. Deretter dekkjer du på resten av vinglasa som høyrer til måltidet.
  • Dekk på farrisglas.
  • Dekk på kuvertasjett.
  • Dekk på smørjekniv.
  • Set på servietten.
  • Set på dekor som lys og blomster.
  • Set eventuelt på salt, pepar og tannpirkarar.

Frukostoppdekking

Ein kvit tøyserviett som er bretta. Foto.
Serviettar kan med fordel brettast dagen før du skal dekkje bordet. Serviettar er ein del av ein servitør si «mice en place».

Her dekkjer du på liten kniv og gaffel, serviett, salt og pepar. Gjesten forsyner seg sjølv med mat og drikke på frukostbuffé. Mange stader dekkjer ein opp med kaffikopp, og kaffi og te blir servert ved bordet.

Lunsj med bufféservering

Dekk på med liten kniv og gaffel, dessertbestikk, raudvinsglas, farrisglas, kuvertasjett, smørjekniv, serviett, salt og pepar. Suppleringsbestikk eller spesialbestikk leggjer du på kaldtbordet.

Lunsj etter oppsett meny

Dekk på bestikk etter oppsett meny og med glas tilpassa det gjestene skal drikke. Kuvertasjett, smørjekniv, serviett og apotek skal òg dekkjast på.

À la carte

Vanleg à la carte-oppdekking består av stor kniv, stor gaffel, raudvinsglas, vassglas, kuvertasjett og smørjekniv. Bestikket skal plasserast cirka 1,5–2 cm frå bordkanten. Glasa til hovudretten skal stå framfor spissen på kniven som høyrer til hovudretten. Dersom gjesten bestiller forrett og dessert, blir det deretter sett på supplerande dekkjetøy.

Oppdekking til firerettarsmeny

Ved firerettarsmeny blir det dekt opp etter den aktuelle menyen. Dekk opp som forklart under À la carte. Det er vanleg å setje glasa på linje og plassere glaset til hovudretten rett overfor hovudrettskniven.

Forslag til hvordan man kan dekke på til en firerettersmeny. Foto.

Salt, pepar og tannpirkarar

På finare restaurantar med «fine dining» dekkjer ein ikkje på med salt og pepar.

Tannpirkarar blir sette på bordet når hovudretten er rydda av.

Apotek

Eit apotek er ei korg / eit brett med salt, pepar, tannpirkarar, ketsjup, olje og eddik. Det blir brukt apotek på enkelte restaurantar der ein har behov for det, for eksempel pasta- eller pizzarestaurant. På ein ordinær restaurant er det ikkje vanleg å dekkje opp med apotek.

Hugselappen

Vi dekkjer opp ulikt til forskjellige måltid, avhengig av kva som skal etast, og kva serveringsmetode som blir brukt.

Ein kuvert består av alt det ein gjest treng for å ete måltidet.

Læringsressursar

Servering

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter