Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Servering og drikkevarer

    Servitøren må ha brei kunnskap om alt frå å klargjere restauranten til servering og kunnskap om mat og drikkevarer. Det er viktig at gjesten får ein god harmoni i måltidet, og ei god totaloppleving av oppdekking, servering og service. Drikka må ikkje overdøve maten, og heller ikkje omvendt.

    Servering

    Ei av dei daglege oppgåvene til servitøren er å gjere klar restauranten til gjestene kjem. Bordet skal vere dekt og pynta til anledninga. Kva for serveringsmetodar fagarbeidaren vel, kjem mellom anna an på type lokale, mat og bemanning.