1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. HACCPChevronRight
  5. Verifisering og dokumentasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Verifisering og dokumentasjon

Dei to siste prinsippa i arbeidet med HACCP-planen er Verifisering og Dokumentasjon og registrering.

Ringpermar. Foto

Prinsipp 6: Verifisering

For å sikre at HACCP-planen fungerer etter føremålet, må han verifiserast. Verifisering vil seie at ein gjer systematiske undersøkingar for å sikre at planen fungerer slik som han er meint.

Før HACCP-planen blir teken i bruk

Hånd med mikroorganismer. Illustrasjon.
Handhygiene er ein viktig grunnføresetnad.

Før ein tek systemet i bruk, må verksemda vere sikker på at alle farar er funne. Desse spørsmåla kan vere til hjelp:

  • Er grunnføresetnadene under kontroll? Grunnføresetnader er førebyggjande hygienerutinar som krevst for at næringsmidla ein handterer, skal kunne reknast som sikre.
  • Er lista over farane som er identifiserte, komplett?
  • Har de komme fram til dei rette kritiske styringspunkta?
  • Er dei kritiske grensene rette?
  • Styrer overvakinga den aktuelle faren?
  • Er HACCP-planen realistisk og mogeleg å gjennomføre?

Når det er slått fast at systemet er eigna til å styre farar, kan det takast i bruk.

Etter at planen er teken i bruk

Verksemda må forsikre seg om at HACCP-planen fungerer effektivt og er oppdatert. Planen må derfor verifiserast etter at han er teken i bruk. Det viktigaste spørsmålet ein stiller seg under verifiseringa, er: Gjer vi slik vi har bestemt at det skal gjerast?

Verifiseringa må gjerast med jamne mellomrom, og verksemda må ha ein plan for når og korleis dette skal gjerast. Ulike verifiserande aktivitetar kan vere:

  • intern revisjon
  • revisjon av leverandørane
  • inspeksjon av arbeidsoppgåver
  • gjennomgang av styringstiltak
  • gjennomgang av korrigerande tiltak
  • prøveuttak

Oppdatering av HACCP-planen

Det kan òg oppstå eit behov for å gjennomgå HACCP-planen som følgje av ulike endringar:

  • endringar i regelverket
  • auke i kundeklager
  • ny kunnskap om farar/prosessar
  • endring i produksjonsprosessen
  • endring i lokale eller utstyr
  • interne revisjonar viser at planen ikkje blir følgd

Prinsipp 7: Dokumentasjon og registrering

Det er krav om at HACCP-arbeidet skal dokumenterast. Detaljeringsnivået og omfanget av dokumentasjonen må tilpassast den einskilde bedrifta. Ei bedrift som skal ha eit fullstendig HACCP-system, og som avdekkjer kritiske styringspunkt, må dokumentere alle trinna i analysen og dei vurderingane som er gjorde. I tillegg må alle overvakingar, kontrollar, verifiserande tiltak og korrigerande tiltak dokumenterast.

For mindre og enklare bedrifter er ikkje kravet til dokumentasjon så omfattande og detaljert. Eit minimumskrav til dokumentasjon for desse verksemdene er ei skildring av produktet og produksjonsprosessen, og ei oversikt over farane og ei gradering av desse, slik at dei kan vise til kor risikoen er størst.

HACCP-plan

De kan oppsummere arbeidet dykkar i ein HACCP-plan som er ei oversikt over resultata av HACCP-arbeidet. Planen gir dykk eit godt overblikk over farane som er til stades i bedrifta, og tiltak for å ha kontroll med desse. De finn eit døme på ein HACCP-plan som vedlegg under relatert.

Hugselappen

Verifisering er systematiske undersøkingar som ein gjer jamleg etter at HACCP-planen er teken i bruk, for å avgjere om planen blir etterlevd og fungerer etter hensikta.

Læringsressursar

HACCP

SubjectEmne

Fagstoff