1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. Trygg matChevronRight
  5. Riktig oppbevaring av matChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Riktig oppbevaring av mat

Filmen handlar om oppbevaring av mat som lett blir bederva, på forskjellige lager som kjølerom, fryserom og tørrvarelager. I tillegg blir merking av matvarer og omgrep som ”siste forbruksdag” og ”best før” gjennomgått.

Riktig oppbevaring av mat

Omgrep:

kjølerom

lett bederva

varerullering

fryserom

haldbarheit

tørrvarelager

siste forbruksdag

best før

Spørsmål

  1. Korleis kan oppbevaringa av mat påverke kvaliteten?
  2. Kor mange gradar skal det vere på eit kjølerom, og kvifor?
  3. Kva er meint med matvarer som lett blir bederva, og korleis skal dei oppbevarast?
  4. Forklar kva som er meint med varerullering.
  5. Forklar korleis du kan oppbevare ytrefilet av okse over lengre tid.
  6. Kvifor har butikkar og større bedrifter ofte fleire kjølerom og fryserom?
  7. Kva er det som kjenneteiknar eit tørrvarelager?
  8. Tabellen viser ei oversikt over ulike matvarer. Set kryss for riktig oppbevaring av matvarene. Nokre av varene i tabellen kan oppbevarast på to forskjellige lager.

    Kjølerom

    Fryserom

    Tørrvarelager

    Olivenolje
    Fiskekaker
    Ytrefilet av okse
    Ris
    Poteter
    Reker i lake
    Skalreker
    Mjøl
    Sukker
    Havregryn
    Tomatar
    Slangeagurk
    Heil makrell
    Makrell i tomat
  9. Nokre av varene i tabellen kan oppbevarast på to forskjellige lager, beskriv kvifor.
  10. Når du sjølv pakkar varer for oppbevaring, er det viktig at du merkjer vara tydeleg. Korleis bør du merkje vara?
  11. Forklar kva merkinga av desse varene bør innehalde: kjøttdeig, ris, pasta, fiskefilet.
  12. Kva er forskjellen på siste forbruksdag og best før?

Praktisk oppgåve

Ta to gulrøter og to agurkar. Legg ei gulrot og ein agurk på kjølerom og ein agurk og ei gulrot i romtemperatur i ei veke. Beskriv kvaliteten på varene etter ei veke.

Merkeoppgåve - merking av mat

Lenke til PDF "Merkedetektiver" med oppgåver.

Filer

Læringsressursar

Trygg mat

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter