Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. Trygg matChevronRight
  5. Internkontroll i bedriftaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Internkontroll i bedrifta

All mat som blir servert eller selt i Noreg skal vere helsemessig trygg. For å sikre at maten er trygg har Mattilsynet utarbeidd eit regelverk. Dette regelverket skal gjere det lettare for bedrifta å ha kontroll på at maten dei serverer er trygg.

Kontrollskjema for temperatur i ein ringperm. Foto.

Internkontroll er dei rutinane vi lagar for å sikre ei god styring. Alle som arbeider i ei bedrift med å produsere eller selje mat er ansvarleg for at regelverket blir overhalde.

Hygieneforskrifta

I fleire ulike lover og forskrifter er det reglar om at produksjon, produkt og tenester skal oppfylle ulike krav. Den forskrifta som regulerer krava til reinhald heiter «Forskrift om næringsmiddelhygiene», også kalla hygieneforskrifta.

Føremålet med hygieneforskrifta er å sikre den hygieniske kvaliteten til næringsmidla, og å førebyggje produksjon og omsetning av helseskadelege næringsmiddel. Korleis vi får lokala reine og i god stand blir opp til deg og bedrifta å setje i system. Alle bedrifter skal ha eit internkontrollsystem for å sikre at dei følgjer lover og forskrifter. I internkontrollen skal ein nedfelle

  • kva som skal gjerast reint
  • kor ofte det skal reingjerast
  • kven som skal gjere arbeidet
  • kva for rengjeringsmiddel ein skal bruke
  • kva for metodar og reiskapar ein skal bruke
  • om det er nødvendig med verneutstyr, og eventuelt kva type

IK-matforskrifta

«Forskrift om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgivningen» blir til dagleg kalla IK-matforskrifta og er ein nyttig reiskap i arbeidet med å systematisere og kvalitetssikre matproduksjon. Mattilsynet er ein viktig samarbeidspartnar for å sikre bedrifta helsemessig trygg mat. Mattilsynet har heile tida eit oppdatert og vedteke regelverk.

Lenkjer

Mattilsynet

Lovdata

Hugselappen

Internkontrollsystemet syter for at vi oppdagar feil og manglar på eit tidleg tidspunkt.

Læringsressursar

Trygg mat

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter