Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. Trygg matChevronRight
  5. SmilefjesordningaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Smilefjesordninga

Frå januar 2015 blei det innført smilefjesordning i Noreg. Når inspektørane frå Mattilsynet har gjennomført eit tilsyn, får serveringsstaden ein smilefjesrapport som viser resultatet.

Kokk held opp ein tilsynsrapport frå mattilsynet. Foto

Føremålet med smilefjesordninga som Mattilsynet har starta, er tryggare mat på serveringsstader, og at hygieneforholda blir betre.

Ved hjelp av smilefjeset kan forbrukarane raskt finne ut om spisestaden blir driven slik at maten som blir servert, er trygg. I Danmark har dei hatt smilefjesordning i mange år. Ei forbrukarundersøking viser at 85 prosent av forbrukarane ser på smilefjeset før dei bestemmer seg for om dei vil ete på staden.

Slik blir smilefjesordninga praktisert:

SMILEFJES

Mattilsynet har ikkje funne brot på regelverket, eller har berre funne bagatellmessige brot på regelverket og gjort merksam på dette.

STREKMUNN

Mattilsynet har funne brot på regelverket og gitt førehandsvarsel eller gjort nødvendige vedtak.

SUR MUNN

Mattilsynet har funne alvorlege eller gjentekne brot på regelverket og gitt førehandsvarsel eller gjort nødvendige vedtak.

Kven gjeld smilefjesordninga for?

Forskrifta gjeld i hovudsak for restaurantar og kaféar.Nærare bestemt står det i forskrifta at alle som serverer og omset mat, skal vere knytte til smilefjesordninga. For at bedrifta skal vere knytt til ordninga må maten etast på staden.

Forskrifta gjeld ikkje for kantiner, matservering på institusjonar, bensinstasjonar eller storkioskar.

Dette skjer på tilsyn

Når Mattilsynet kjem på smilefjestilsyn, er det fire område innanfor matlovgivinga som blir kontrollerte av inspektøren:

  • leiing og rutinar
  • lokale og utstyr
  • korleis ein handterer og lagar til maten
  • om maten er merka og kan sporast

Under desse områda finst det faste kravpunkt. Mattilsynet går gjennom mange av desse kravpunkta ved kvart tilsyn.

Tilsynsresultat

Når tilsynet er avslutta, får verksemda eit smilefjessymbol: smilefjes, strekmunn eller sur munn. Den dårlegaste karakteren på dei punkta som Mattilsynet har kontrollert, bestemmer smilet. Tilsynsresultatet skal hengjast opp godt synleg for deg som vurderer å ete der. Resultata frå smilefjestilsynet blir òg publiserte på matportalen.no/smilefjes.

Regelverket er ikkje endra

Smilefjestilsyn inneber inga endring i regelverket som Mattilsynet allereie fører tilsyn etter. Regelverket er laga for å sikre at maten som blir servert er trygg å ete. Serveringsstadene pliktar å følgje dette regelverket kvar dag, heile året.

Smilefjesordninga: Veileder – smilefjesordningen

Filer

Kokk anretter man på kjøkken. foto.
God produksjonshygiene er viktig for å sikre «trygg mat», og sjølv om det er travelt der du jobbar, må du ta deg tid til den daglege reingjeringa.

Læringsressursar

Trygg mat