1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. Trygg matChevronRight
  5. DatomerkingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Datomerking

Datomerking av næringsmiddel blir gjort ut frå to ulike omsyn, nemleg helse og kvalitet. Det er derfor vi òg har to ulike former for datomerking: «siste forbruksdag» for for næringsmiddel som lett blir skjemde og «best før» for mat som ikkje så lett blir skjemd.

Datomerkte mjølkekartongar. Fotografi.
Oppbevaring av matvarer i kjølerom. Foto.
For at haldbarheitsdatoen som er oppgitt på matvara skal vere gjeldande, er det ein føresetnad at matvara blir oppbevart som oppgitt på pakningen. Lettskjemde matvarer må til dømes oppbevarast kaldt, mellom 0–4 grader.

Når produsenten fastset datomerkinga, blir det gjort ut frå omsyn til råvarer, produksjonsmetode, forhold rundt transport, oppbevaring og omsetning. Datoen skal vere den datoen vara beheld dei spesifikke eigenskapane sine til om ein følgjer dei oppgitte krava til oppbevaring når pakningen er uopna.

Dersom det er nødvendig for lagringsevna, skal produktet ha opplysningar om oppbevaringskrava. Når du har kjøpt matvara, er det du som har ansvaret for at maten blir behandla slik som føresett då datoen blei fastsett.

«Siste forbruksdag …»

Lettskjemde matvarer er merkte med «siste forbruksdag» og skal alltid ha oppgitt krava til oppbevaringsmåte. Datomerkinga er oftast sett ut frå mikrobiologiske omsyn. Det vil seie at etter den datoen kan mikroorganismar i maten gjere deg sjuk dersom du et produktet. Matvarer merkte med siste forbruksdag kan ikkje omsetjast etter at datoen er gått ut.

Forholdsreglar for å unngå skjemd mat

Etter at du som forbrukar har kjøpt ei vare, er det viktig at du behandlar vara slik at du unngår fare for at maten skal bli skjemd. Forholdsreglane består kort oppsummert i å avgrense formeiring av mikroorganismar, å avgrense tilførsel av mikroorganismar og å drepe eller uskadeleggjere mikroorganismane.

  1. Avgrense formeiring av mikroorganismar

    Mat som er lettskjemd, må oppbevarast etter instruksjonane på pakken. Datoen som er sett, er følgd av informasjon om oppbevaringsvilkår. Det er viktig å hugse at dersom du ikkje følgjer instruksjonane, kan det påverke lagringsevna til produktet. Dersom du lèt mjølka eller kjøtdeigen liggje lenge i romtemperatur, vil det endre haldbarheita til produktet. Oppbevaringsforholda påverkar nemleg kor raskt mikroorganismane utviklar seg. Låg temperatur hemjar utviklinga av mikroorganismar.

  2. Avgrense tilførsel av mikroorganismar

    Du kan sjølv tilføre produkta mikroorganismar når du handterer maten. Viss du bryt innpakninga til eit heilt kjøttstykke og deler stykket opp i mindre bitar, blir haldbarheitstida til produktet kortare .

    For å redusere tilførselen av mikroorganismar når ein lagar mat, er det viktig å ha god kjøkkenhygiene, til dømes ved at ein held rå og ferdig mat åtskild og ved å halde kjøkkenreiskapar reine. Vidare er det viktig med god handhygiene slik at ein ikkje tilfører maten mikroorganismar via eigne hender. All tilførsel av mikroorganismar vil gjere haldbarheitstida kortare.

  3. Drepe eller uskadeleggjere mikroorganismane

    Oppbløming av bakteriar kan reduserast gjennom å varmebehandle produkta, slik at talet på mikroorganismar som finst i produktet, blir redusert. Dersom du har steikt kjøtkaker av ein kjøtdeig der datoen går ut same dagen, held kjøtkakene seg i nokre dagar til om dei blir oppbevarte kjølig.

«Best før …»

Andre matvarer enn lettskjemde skal merkjast med «Best før ...» eller «Best før utgangen av ...».

Datomerkinga av matvarer som ikkje er lettskjemde, skal først og fremst opplyse om kor lenge vara held seg utan å tape kvalitet eller andre spesifikke eigenskapar, til dømes smak eller vitamininnhald. Dersom det er nødvendig med ein bestemt oppbevaringsmåte for at kvaliteten skal halde seg uendra, skal datomerkinga følgjast av ei opplysning om oppbevaringsmåte, til dømes «må oppbevarast mørkt». Lys kan påverke kvaliteten til enkelte produkt med omsyn til for eksempel smak og vitamininnhald.

Ein kan framleis selje/by fram varer merkte med «Best før»-dato etter at datoen er gått ut, dersom vara framleis har akseptabel kvalitet. Det er seljaren som har ansvaret for at produktet held forventa kvalitet.

Oppsummering: Må all mat kastast etter at datomerkinga er gått ut? Mat som er merkt med «Siste forbruksdag ...», kan etast etter fastsett dato, men då har den enkelte forbrukaren ansvaret for å vurdere om maten er etande. Mat som er merkt med «Best før...», kan derimot både seljast og etast etter fastsett dato utan risiko for helseskadar.

Faktaark: Faktaark om holdbarhet

Filer

Åpen eggekartong med egg. Foto.
Varer som er merkte med best før-dato kan ha ein akseptabel kvalitet også etter denne datoen. Bruk sansane til å sjå, lukte og smake før du eventuelt kastar matvara. Norske egg er like gode og like trygge å ete i fleire månader etter at dei har «gått ut på dato», berre ei oppbevarer egga kaldt.

Læringsressursar

Trygg mat