Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. Bakteriar og mikroorganismarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bakteriar og andre mikroorganismar

Mikroorganismar, også kalla mikrobar, finst overalt. Som organismar er dei veldig forskjellige både av utsjånad og levesett. Det einaste dei har felles, er at dei er små.

Forsker med avansert mikroskop. Foto.

Mikroorganismar har viktige og nyttige funksjonar i naturen. På og i kroppen finst det mikroorganismar som held oss friske og sunne. Men mange mikroorganismar gjer oss sjuke.

Evna ein mikroorganisme har til å gjere oss sjuke kallar vi for virulens.

Bakteriar

E-colibakterier sett i mikroskop. Foto.
E-coli bakteriar

Bakteriar er levande, eincella organismar. Nokre eksempel på bakteriar er som følgjer:

E. coli: Kolibakteriar finst i tjukktarmen både hos mennesket og hos andre pattedyr. Normalt er dei ikkje farlege, dei er tvert imot nyttige fordi dei produserer K-vitamin, som kroppen tek opp.

Mjølkesyrebakteriar: Det finst mange typar mjølkesyrebakteriar, og dei bidreg sjølvsagt til at mjølk bli sur. Når vi produserer sure mjølkeprodukt, bruker vi utvalde bakteriar som gir oss kulturmjølk og yoghurt.

Rotningsbakteriar: Desse bakteriane er viktige for krinslaupa i naturen. Dei bryt ned daude dyre- og planterestar til luft, jord og vatn. Dette utnyttar vi når vi handterer matavfallet vårt, for eksempel gjennom kompostering.

Salmonella: Salmonella er ein sjukdomsframkallande bakterie som vi kan få i oss gjennom mat. Ein salmonellainfeksjon kan vere farleg, særleg for menneske med svekt allmenntilstand.

Anthrax: Dette er bakteriar som forårsakar miltbrann – ein sjukdom som er svært farleg for både menneske og dyr.

Streptokokkar: Dette er eit samlenamn på bakteriar som forårsakar mellom anna lungebetennelse og hjernehinnebetennelse.

Dette bør du vite om bakteriar:

  • Bakteriar er enkle eincella organsimar. Dei er små og er ikkje synlege med det blotte auget. Vi kan sjå bakteriar i eit mikroskop.
  • Bakteriar er levande og tek til seg næring og formeirar seg.
  • Bakteriar formeirar seg ved å dele seg i to. Dei to "nye" bakteriane er identiske.
  • Bakteriar har eitt kromosom, men kan ha ekstra arvestoffbitar som blir kalla plasmid.
  • Bakteriar har cellevegg, og dei kan kapsle seg inn, slik at dei toler både tørke, varme og angrep frå andre celler.
  • Temperaturen avgjer kor raskt bakteriar deler seg. Dersom forholda er gunstige, kan ein bakterie dele seg kvart 20. minutt. Kan du rekne ut kor mange vi får etter eit døgn?
  • Dei fleste bakteriar er nyttige for oss, men nokre er patogene, det vil seie sjukdomsframkallande.
  • Nokre bakteriar produserer giftstoff.
  • Bakteriar har ulik utsjånad. Nokre er runde som kuler, nokre er stavforma, og nokre er spiralforma. Nokre har ein flagell som gjer at dei kan røre på seg. Utsjånaden på ein bakterie kan hjelpe oss med å finne ut kva type bakterie vi har med å gjere.
  • Vi deler bakteriar inn i to grupper: Gram-positive og Gram-negative. Desse gruppene får ulik farge dersom vi tilset eit bestemt fargestoff. Denne eigenskapen blir òg brukt til å avgjere kva type bakteriar vi har med å gjere.
  • Sidan bakteriar er levande, kan vi bruke antibiotika for å ta knekken på dei. Enkelte gonger blir bakteriar motstandsdyktige mot visse typar antibiotika. Vi seier at dei er resistente.
Indre og ytre struktur hos bakterie. Illustrasjon.
Bakterie – skjematisk teikning

Virus

virus.illustrasjon.
Virus

Virus blir ofte nemnde i samanheng med mikroorganismar, sjølv om virus i seg sjølv ikkje er levande. Virus er ein liten pakke med arvestoff, DNA, som er pakka inn i protein. Likevel kan virus gjere oss sjuke ved at dei trengjer inn i cellene i kroppen og bruker organellane til cella til å formeire seg.

Dette bør du vite om virus:

  • Virus er ikkje levande organismar.
  • Dei kan verken ta til seg næring eller forplante seg på eiga hand.
  • Eit virus er arvestoff som er pakka inn i protein.
  • For at eit virus skal kunne forplante seg, må det trengje inn i ei levande celle.
  • Når viruset har komme inn i ei celle, tek virusarvestoffet over kontrollen i cella og byrjar å produsere kopiar av viruset.
  • Det finst mange typar virus. Nokre er årsak til sjukdom hos menneske. Andre fører til sjukdom hos dyr og planter.
  • Vanlege sjukdomar som forkjøling og influensa kjem av virus. Sidan virus ikkje er levande, kan vi ikkje bruke antibiotika for å behandle sjukdomar dei forårsakar.
  • Det finst medisinar som er effektive mot virusinfeksjonar. Virus kan vere resistente mot desse.

Hugselappen

  • Mikroorganismar er levande organismar som er så små at vi treng lupe eller mikroskop for å sjå dei.
  • Dei mikroorganismane vi oftast høyrer om, er bakteriane. Ein bakterie består av berre éi celle, men nokre mikroorganismar er fleircella.

Læringsressursar

Bakteriar og mikroorganismar