Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. Bakteriar og mikroorganismarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva gjer du med muggen mat?

Muggen mat kan innehalde muggsoppgifter, og hovudregelen er at mat med mugg bør kastast. Unnataka er hard ost og grønsaker som har fått små og godt avgrensa muggflekkar. Her kan mugget skjerast vekk, men sørg for å skjere vekk rikeleg rundt muggflekkane.

En kurv med jordbær som det er begynt å vokse mugg på. Foto.

Kjøt, fisk og pålegg

Slik mat med mugg bør kastast.

Brød

Unngå å ete muggent brød.

Frukt og bær

Kast frukt og bær som er mugne eller rotne. Bruk berre friske frukter eller bær til syltetøy, saft, mos og most (for eksempel eplemost).

Syltetøy

Syltetøy med mugglag bør kastast. Dersom du ønskjer å unngå muggproblem i syltetøy, kan du dele opp og fryse ned syltetøyet i mindre porsjonar. På denne måten unngår du at syltetøyet blir ståande og mugne. (Sjå òg saka Ver forsiktig med nedfallsfrukt.)

Saft og jus

Slike produkt med mugg bør kastast.

Nøtter

Mugne nøttekjerner bør kastast. Ver spesielt merksam på om paranøtter er mugne i midten.

Hard ost

Muggflekkar på hard ost kan skjerast vekk med god margin, minimum éin cm rundt det området som er angripe. Mjuk ost med mugg bør kastast.

Grønsaker

Mugg på grønsaker kan skjerast vekk med god margin.

Om muggsopp og muggsoppgifter

Muggsopp sett i mikroskop viser sporene som klaser. foto.
Muggsopp med sporer – Aspergillus Fumigatus

Sopp er ein del av nedbrytingsorganismane i naturen. Vi kjenner i dag til omtrent 100 000 forskjellige soppartar, men truleg finst det mange fleire som hittil er ukjende. Muggsoppane er mikrosoppar, og det er denne soppen vi finn att i matvarer som kvite, grøne eller gråbrune flekkar, koloniar. Mange soppartar produserer giftstoff (toksin) for å verne seg mot omgivnadene. Muggsoppgifter blir kalla mykotoksin.

Mykotoksin og motstandsdyktigheit

Det kan bli danna mykotoksin når muggsopp veks på mat eller fôr. Nokre mykotoksin finst berre i sjølve muggkolonien, men dei fleste blir òg skilde ut i maten (via sopphyfar/mycel). Dei fleste mykotoksina toler godt varmebehandling, og generelt er det slik at når mykotoksin først har oppstått i fôr eller i eit næringsmiddel, blir dei verande der under vidare foredling og lagring.

Skadelege effektar av mugg

Mykotoksin er uønskte i maten fordi dei kan ha negativ innverknad på forskjellige organ i kroppen, alt etter kva mykotoksin det dreier seg om. Dei fleste av desse giftene har langsiktige effektar, men ved høgt innhald kan dei gi akutte verknader, for eksempel magesymptom og akutt nedsett immunforsvar. Stoffa kan på lang sikt svekkje immunforsvaret og vere kreftframkallande. Enkelte kan vere gentoksiske (føre til varige skadar på gena/arvestoffet).

Råd for å forhindre mugg

Muggsoppsporar finst naturleg i omgivnadene og på overflata av korn, frukt og bær. Når vi skal forhindre eller forseinke muggvekst i næringsmiddel, kan vi for eksempel sørgje for at tørre produkt som mjøl, korn, brød og andre kornprodukt blir oppbevarte tørt. Og vi kan forhindre uønskt forureining med soppsporar ved å varmebehandle næringsmidla og bruke lufttett emballasje.

Kjelde: matportalen.no

Læringsressursar

Bakteriar og mikroorganismar