Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. Bakteriar og mikroorganismarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Bakteriar og mikroorganismar

Mikroorganismar er små levande organismar, som finst både på oss, rundt oss og i maten. Somme typar mikroorganismar kan gjere oss sjuke, medan andre blir tilsette i eit produkt for å skape eit særpreg.

Kokker i arbeid på kjøkkenet. Foto.

Farlege og nyttige mikroorganismar

Mange mikroorganismar er farlege og kan gjere oss sjuke om vi har ete mat som inneheld nok giftstoff, sjukdomsframkallande mikroorganismar eller parasittar. Vi seier då at vi har fått ei matforgifting eller ein matinfeksjon. Nyttige mikroorganismar er bakteriar som er med på å gi maten særpreg og blir kalla for fermentering. Spekepølse og jarlsbergost er døme på mat som er tilsett bakteriar som gir eit særpreg til produktet.

I dette emnet får du kunnskap om kva livsvilkår mikroorganismar har. Har du kunnskap om dette, kan du styre både nyttige og uønskte mikroorganismar i mat og drikke.

Læringsressursar

Bakteriar og mikroorganismar