1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HygieneChevronRight
  4. HygieneChevronRight
  5. Personleg hygieneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Personleg hygiene

Personleg hygiene

Filmen handlar om personleg hygiene ved arbeid på kjøkken og i bedrifter som arbeider med matvareproduksjon. Det er med eksempel på smittekjelder, riktig handvask, riktige klede og inndeling av rein og urein sone på arbeidsplassen.

Spørsmål

  1. Forklar kva som er meint med trygg mat.
  2. Teikn opp den produksjonslinja du jobbar på, og beskriv kva som er reine og ureine soner.
  3. Kva er det som regulerer kva som er rein sone, og kva som er urein sone? Kva krav blir stilte til den personlege hygienen din?
  4. På kva måte er det størst fare for at du kan bringe smittestoff inn i produksjonslokala?
  5. Kva er bakteriar? Gi eksempel på nokre bakteriar du ikkje bør finne på eit kjøkken.
  6. Kva er mugg?

Praktiske oppgaver

  1. Kva er mikroorganismar? Pakk tre laksebitar på tre forskjellige måtar – ein vakuumpakka – ein i plastfilm – ein i papir. Oppbevar dei i same kjøleskapet. Kva for ein av dei utviklar synlege mikroorganismar først? Forklar kvifor.
  2. Ta avtrykk av for eksempel kjøkkenreiskapar, arbeidsbenk, nøklar, myntar, reine og ureine fingrar i kvar si petriskål med agar. Skriv kva slags avtrykk som er teke på kvar petriskål. Set petriskålene i eit varmeskap i nokre døgn, og sjå kva som skjer. Forklar kvifor nokre skåler har oppblomstring av mikroorganismar, mens andre ikkje har det.

Matsmitte og hygiene

Læringsressursar

Hygiene