1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HygieneChevronRight
  4. HygieneChevronRight
  5. Hygiene før og noChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hygiene før og no

Opp gjennom historia har både tilfeldige oppdagingar og systematisk forsking før til auka kunnskap om samanhengen mellom hygiene og helse.

Ei kvinne vaskar seg i ein stamp. Maleri.

I dag har vi mykje kunnskap om kor viktig god hygiene er. Dette lærer vi allereie som barn. Vi lever i eit informasjonssamfunn som inneber at kunnskap blir formidla på ulike måtar og når raskt ut. Dette har mykje å seie for helsetilstanden i heile samfunnet. Opp gjennom historia har både tilfeldige oppdagingar og systematisk forsking ført til auka kunnskap om samanhengen mellom hygiene og helse.

Kunnskap og folkeopplysning

Allereie på 1700-talet var folk klare over at det fanst organismar som var så små at ein ikkje kunne sjå dei med auga. Samanhengen mellom bakteriar og sjukdom blei likevel ikkje kjend før på slutten av 1800-talet. Kunnskapen førte til at ein forstod korleis ein kunne behandle og førebyggje smittsame sjukdommar.

I Noreg har ein drive systematisk folkeopplysning om samanhengen mellom hygiene og helse. Offentlege styresmakter har sytt for informasjon til befolkninga, og både skulen, helsesektoren og ulike organisasjonar har vore viktige i dette arbeidet. I det moderne informasjonssamfunnet bidreg òg media til at tileignar oss ny kunnskap.

Ein stadig høgare levestandard har òg vore viktig for helsetilstanden til folk flest i Noreg.

Ignaz Semmelweis vaskar hendene før han skal operere. Illustrasjon.
Døyelegheita på barselavdelinga der Dr. Semmelweiss arbeidde som lege blei vesentleg redusert som ei følgje av at legane byrja å vaske hendene sine.

Vasking, reinhald og det viktige vatnet

Det har ikkje alltid vore vanleg å vaske hus, kropp og klede like ofte som vi gjer i dag.

Tilgang på kaldt og varmt vatn var ikkje vanleg før på slutten av 1900-talet. I 1948 viste ei undersøking at 800 000 personar i Noreg ikkje hadde innlagt vatn. Det vil seie at ein måtte bere vatnet – somme over lange avstandar .

Tilgangen på vatn var avgjerande for om ein vaska huset berre to gonger i året, slik folkelivsgranskaren Eilert Sundt skildrar det frå 1869, eller kvar laurdag. Såpe var òg mangelvare for mange. Ho var òg kostbar ettersom feittet som skulle til for å lage såpe, var vanskeleg å få tak i.

Teknologisk utvikling: vaskemaskinar

Vask av klede var ein tung jobb som vanlegvis blei gjort av kvinner. Utan varmt vatn og vaskemiddel var det langt ifrå like lettvint som det er å setje på ei vaskemaskin i dag.

Klesvask i elva eller på eit vaskebrett var eit av dei mange tunge gjeremåla i eit hushald. I dag har dei fleste hushalda ei eiga vaskemaskin, og det er ikkje lett å forstå det slitet som tidlegare måtte til for å vaske klede. Elektrisitet var ein føresetnad for å bruke vaskemaskinar. I 1920 hadde to tredelar av norske hushald innlagt straum, og dei første vaskemaskinane blei prøvde ut i Noreg i 1933.

Renovasjon og avfallshandtering

Handtering av avfallsprodukt er ei nødvendig samfunnsoppgåve og ein viktig del av det førebyggjande helsearbeidet.

Velstandsutviklinga har ført til at vi produserer stadig meir avfall. Handtering av avfall har i dei seinare åra vore gjennom ei utruleg utvikling, og i dag har vi god kunnskap om korleis vi skal handtere og kjeldesortere avfallet vårt. Det er i hovudsak kommunane som har ansvar for renovasjon.

Slik har det ikkje alltid vore. Frå 1600-talet til 1800-talet blei «uverdig avfall» fjerna. Dette blei gjort av ei gruppe yrkesutøvarar som blei kalla nattmenn. Om natta tømde dei utedoar, dei grov ned lik etter sjølvmord og avretta menneske og dei tok livet av lauskattar og -hundar. Nattmannen hadde ein eigen lagerplass for avfallet, og lagerplassen førte med seg både stank og møkk. I samband med sunnheitslova av 1860 blei renovasjon ein del av det førebyggjande helsearbeidet. Søppelhandtering blei ei kommunal oppgåve, og etter kvart blei det organisert kommunale løysingar.

I dag er handtering av ulike typar avfall regulert gjennom lover og forskrifter, og gjenvinning av avfall og kjeldesortering er ein viktig del av renovasjonsordninga. I motsetnad til korleis ein i tidlegare tider deponerte eller «gøymde» avfall, blir avfallet i dag destruert eller brukt i nye produkt. Det er òg ein del av dagens renovasjonspolitikk å redusere mengda avfall som vi produserer.

Frå laugardag med bading i stamp til dagleg dusj

Dagleg dusj er vanleg for dei som er unge i dag. Velstandsutviklinga har ført til at alle har innlagt bad og god tilgang på såpeprodukt. Generasjonen som er pensjonistar i dag, opplevde ikkje dette som barn, og dei kan derfor ha andre vanar for personleg hygiene.

Toalettforhold

I første halvdel av 1900-talet byrja ein å gå over frå utedo til vassklosett (WC).

Vassklosettet kunne verke både enkelt og hygienisk, men ein hadde ikkje tenkt over dei moglege konsekvensane for miljøet. I byrjinga blei derfor kloakken sleppt ureinsa ut i sjøen eller vassdraga. Sjølv om det etter kvart blei bygt reinseanlegg (reinseanlegget i Oslo blei bygt i 1910), har slam frå desse anlegga ført med seg forureining av sjø og vatn. For kvar einskild har likevel overgangen frå utedoar eller byttedoar som måtte tømmast, til WC, ført til større grad av velvære og lokalt betre hygiene. .

Spytting og spreiing av smitte

Vi veit at smittestoff blir spreidde mellom anna gjennom spytt. I kampen mot sjukdommen tuberkulose, la ein stor vekt på å informere om smittefaren ved spytting.

På 1950-talet fekk skuleelevar opplæring i kor smittefarleg det var å spytte, og det blei lagt ned forbod mot å spytte på skulen. Fleire stader stod det spyttebakkar som særleg menn som brukte snus, kunne spytte i. Risikoen for at dette kunne føre til smitte av sjukdommar som til dømes tuberkulose, var så stor at spyttebakkane blei fjerna.

Læringsressursar

Hygiene