Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. HygieneChevronRight
  5. Hygiene på arbeidsplassenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hygiene på arbeidsplassen

Når du arbeider i restaurant- og matfagbransjen, må du vere ekstra bevisst på hygiene. Det er mange menneske på arbeidsplassen din, og smitte kan spreie seg raskt. Hugs at du skal handtere mat som andre skal ete.

Kokk skyller av brukt kjøkkenutstyr. Foto.

Du kjem til å sjå at du treng brei kunnskap om og forståing for hygiene på fleire område, men du kjem òg til å sjå at grunnprinsippa for hygiene er dei same.

På arbeidsplassen din finst det reglar og rutinar for korleis ein varetek god hygiene. Desse er gjerne skildra som prosedyrar som alle arbeidstakarane må ta omsyn til.

Døme på område det finst reglar eller rutinar for, kan vere:

Arbeidsklede

Føremålet med arbeidsklede eller uniform er å verne både oss sjølve og andre frå smitte. For mange yrkesgrupper i restaurant- og matfagbransjen erstattar arbeidskleda private klede. Ved å skifte til reint arbeidsantrekk dagleg utset vi brukaren for minst mogeleg risiko for smitte frå utemiljøet.

Det er ulike reglar for kva arbeidsklede ein skal bruke, alt etter kva arbeidsplass du er på, og kva funksjonar du skal ta hand om. Det er viktig å følgje dei reglane som gjeld, ettersom dei har eit klart føremål og ein klar funksjon. Det gjeld òg dersom det er naturleg for deg å bruke hovudplagg knytt til religionen din.

Sko høyrer òg med til arbeidskleda, og skotøy kan ha betydning for spreiing av smitte. På somme arbeidsplassar er det krav om at ein nyttar særskilt fottøy. Arbeidskleda er òg med på å signalisere til andre kva rolle eller posisjon vi har.

Handtering av avfall

Du må ha kunnskap om korleis arbeidsplassen din handterer avfall. Eit eige lovverk pålegg bedrifter å utarbeide reglar for avfallshandtering (internkontrollforskrifta). Som fagarbeidar må du følgje desse reglane.

Det meste av avfallet som blir produsert på arbeidsplassen, er vanleg hushaldsavfall.

Reinhald

Kokk vasker gulvet på kjøkkenet. Foto.
Golvvask er for mange kokkar ein del av den daglege rutinen.

Det kan variere kven som har ansvaret for reinhaldet på dei ulike arbeidsplassane. Godt reinhald og gode prosedyrar er nødvendige for å ha ein god hygienisk standard. Nokre stader er det eigne tilsette som har ansvar for reinhaldet, andre stader er reinhald ei av arbeidsoppgåvene som restaurant- og matfagpersonellet utfører.

Støv og smuss kan føre til spreiing av mikroorganismar. Eit fuktig og varmt klima kan òg føre til at sopp og andre mikroorganismar får gode vekstvilkår. Det er derfor viktig at alle kjenner til korleis godt og effektivt reinhald skal gå føre seg. Riktig og systematisk reingjering er viktig for både trivsel og helse på alle arbeidsplassar.

Til dagleg reinhald av golv og andre flater som ikkje er i kontakt med organisk materiale, er det tilstrekkeleg å bruke såpe og vatn eller mikrofiberklut. Utstyr som er forureina av organisk materiale som matrester og blod, må desinfiserast. For at desinfeksjonen skal ha effekt, må ein først reingjere utstyret på vanleg måte for å fjerne synleg smuss.

Desinfeksjon

Desinfeksjon drep eller uskadeleggjer uønskte og særleg sjukdomsframkallande mikroorganismar. Vi bruker metoden for å bryte smittevegar. Desinfeksjon drep ikkje sporar av mikroorganismar, og for å uskadeleggjere sporar må vi derfor bruke sterilisering.

  • Varmedesinfeksjon er den beste og sikraste metoden. Utstyret vi desinfiserer, må tole minimum 85 grader.
  • Kjemisk desinfeksjon blir brukt når ein ikkje kan bruke varme.

Reint og ureint utstyr

Utstyr omfattar alle reiskapar, hjelpemiddel og tekstilar som blir brukte i arbeidet. Det varierer frå arbeidsplass til arbeidsplass kor strenge rutinar ein har for å skilje mellom reint og ureint utstyr og korleis ein skal behandle ureint utstyr.

Generelle reglar er:

  • Hald reint og ureint utstyr frå kvarandre for å hindre at smittestoff infiserer det reine utstyret.
  • Hugs alltid å ha reine hender når du bruker reint utstyr.
  • Følg dei reinhaldsprosedyrane som er hensiktsmessige eller rettleiande for det spesielle utstyret. Det gjeld både temperatur, kjemikaliar eller andre reinhaldsmetodar.
  • La ikkje utstyr som er ureint og smussa til, liggje over tid. Reingjer skite utstyr så raskt som mogleg.

Mathygiene

I dei fleste yrke i restaurant- og matfagbransjen skal du lage til mat eller drikke til andre. All handtering og behandling av mat inneber risiko for at maten blir forureina, og for at sjukdomsframkallande mikroorganismar får utvikle seg.

Handhygiene

Hendene er den største kjelda til overføring av smitte på ein arbeidsplass. Som fagarbeidar må du tenkje på handhygiene heile tida.

Håndvask. Foto.
God handvask er det aller viktigaste du kan gjere for å hindre spreiing av smitte.

Læringsressursar

Hygiene