Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. HygieneChevronRight
  5. HandhygieneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Handhygiene

All mat skal vere trygg mat – det vil seie at maten vi kjøper og et her i Noreg, skal vere helsemessig trygg. Bakteriar finst overalt, på menneske, kleda våre, kjøkkenutstyr, fluger som set seg på maten, hundar og katter, i lufta og støvet.

Hand med bakteriar. Foto.

Vi må hindre at bakteriar kjem i kontakt med maten vi skal ete.

Samanhengen mellom trygg mat og handhygiene

Ein viktig føresetnad for å få trygg mat, er personane som sel, kjøper og lagar maten. Når vi er i kontakt med mat, er det veldig viktig at vi har ein god personleg hygiene. Med personleg hygiene meiner vi her god handhygiene og handvask. God handhygiene er viktig for å hindre at bakteriar spreier seg, og hindre sjukdomsutbrott som har si årsak i mat.

Handhygiene er noko av det viktigaste ein må ta omsyn til for å hindre smittespreiing og sjukdomsutbrott når det gjeld mat.

Kva er god handhygiene?

God handhygiene får du ved å vaske hendene ofte. I helseinstitusjonar og der det blir laga mat til mange, blir det brukt handdesinfeksjonsmiddel eller eingongshanskar i tillegg. Når Mattilsynet er ute på tilsynsbesøk, kontrollerer dei derfor både om rett handvaskutstyr er på plass, og om dei tilsette vaskar hendene.

Dersom du har sprekkar eller sår på hendene, er det viktig å forbinde eller plastre såra når du jobbar med mat, slik at du hindrar spreiing av bakteriar.

Mattilsynet har strenge reglar for god handhygiene som skal følgjast av dei som jobbar i helseinstitusjoner, og av dei som jobbar med mat for sal:

  • Hendene skal vaskast under tilstrekkeleg rennande, temperert vatn.
  • Ein skal gni inn hendene med eit godt handvaskemiddel slik at all synleg ureining blir fjerna, både i handflata, mellom fingrane og under neglene.
  • Såpa skal skyljast av med rennande vatn.
  • Hendene skal tørkast med eingongshandklede.
  • Bruk eingongshandkledet til å stengje blandebatteriet, slik at ikkje hendene blir ureina på nytt.
  • Hendene kan ein deretter smørje inn med eit handdesinfeksjonsmiddel, som må vere eigna til føremålet og ikkje overfører uønskt kjemisk ureining til matvarene.

Vask alltid hendene før du lagar mat

  • Du bør alltid vaske hendene før du lagar mat, et mat, mellom handtering av ulike råvarer – og sjølvsagt etter toalettbesøk.
  • Dersom du kan unngå det, lag ikkje mat til andre når du har magesjuke, vondt i halsen eller har betente sår på hendene.

Oppgåver om handhygiene

  1. Beskriv med dine eigne ord kva som er meint med god handhygiene.
  2. Når vil du bruke handvask, og når vil du nytte handdesinfeksjon? Grunngje svaret.
  3. Kvifor er det viktig å fjerne smykke, ringar og naglelakk når du skal vareta god handhygiene?
  4. Kva kan motivere deg til god handhygiene?
  5. Kvifor trur du nokon sluntrar unna å gjennomføre rett handhygiene?
  6. Lag eit slagord som oppmodar fagarbeidarar til å vareta god handhygiene.
  7. Gi døme på sjukdomsframkallande mikroorganismar. Kva for infeksjonar kan dei føre til?

Læringsressursar

Hygiene