1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HygieneChevronRight
  4. HygieneChevronRight
  5. Hygiene og helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hygiene og helse

God hygiene førebyggjer sjukdom. Vi tek vare på den personlege hygienen vår for å kjenne velvære og få ei kjensle av god helse. Samfunnshygiene dreier seg om dei tiltaka offentlege styresmakter har ansvaret for, og som er førebyggjande helsetiltak for heile befolkninga.

Sal av varer over disk i eit bakeri. Foto.

Vi kjem dagleg i kontakt med mikroorganismar som kan gjere oss sjuke. For å hindre sjukdom må vi både hindre mikroorganismane i å spreie seg og byggje opp og halde ved like eit godt immunforsvar. Som yrkesutøvar i restaurant- og matfagbransjen treng du kunnskap om og gode haldningar til hygiene, slik at du kan førebyggje smitte og ta vare på både di eiga og andre si helse.

Sjølv om vi i dag har god kunnskap om hygiene, ser vi at infeksjonssjukdommar førekjem. Det finst mikroorganismar som er motstandsdyktige mot antibiotika, og vi høyrer om epidemiar og pandemiar, som er utbrot av smittsame sjukdommar som spreier seg raskt mellom menneske.

Kompetanse i hygiene handlar om å

  • ha kunnskap om mikroorganismar, immunforsvaret og smittekjeda
  • ha kunnskap om korleis smitte blir overført, om i kva situasjonar vi er mest utsette for smitte, og om konkrete tiltak du og andre kan setje inn for å avgrense mogelegheitene for at smitte blir overført
  • forstå kor viktig det er å ha god hygiene
  • vere i stand til å inkludere hygienetiltak i det daglege arbeidet ditt

Førebyggjande hygienetiltak på alle nivå er viktige både for enkeltindividet og for samfunnet vårt.

Utfordringar til deg

  1. Kva tyder ordet hygiene?
  2. Forklar omgrepa personleg hygiene og samfunnshygiene.
  3. Diskuter kva kunnskap om hygiene har med profesjonalitet å gjere.

Læringsressursar

Hygiene