1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HygieneChevronRight
  4. HygieneChevronRight
  5. Fakta om hygieneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fakta om hygiene

Når du jobbar med mat er det nokon viktige køyrereglar som det kan vere ekstra lurt å tenkje over, og dette gjeld særleg hygiene. Nedanfor finn du ei rekkje råd og tips om korleis du kan jobbe meir medvite for å få minst mogeleg bakteriar i maten.

Handvask. Foto.

Visste du dette?

  • Bakteriane spreier seg oftare med våte hender enn med tørre.
  • Bakteriane kan leve i fleire timar på hendene dine, og i løpet av den tida kan dei spreie vidare – både til menneske og mat.
  • Under negler, ringar, armbånd eller klokker kan det skjule seg like mange bakteriar som det finst menneske i Europa.
  • Dårleg eller ingen vask av hender er den viktigaste årsaka til smitte – frå mat og til mat.
  • Bakteriane veks svært raskt i mjølk dersom ho blir varm.
  • Mange bakteriar døyr ikkje sjølv om maten blir fryst.
  • Dei fleste bakteriane døyr ved temperaturar mellom 60–70 grader.
  • Bakteriane finst på overflata på biffstykke.
  • Det er viktig å vaske kniven eller ta ein ny dersom du skal skjere opp ulike råvarer. Det same gjeld òg for skjerefjøler.
  • Bakteriane trivst og formeirer seg raskt i fuktige benkeklutar som inneheld matrestar.
  • Du bør bruke papir når du skrur att vasskranen, og når du opnar døra etter at du har vore på toalettet.

Læringsressursar

Hygiene