1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Hygiene og mattryggleikChevronRight
  4. HygieneChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Hygiene

Som yrkesutøvar i restaurant- og matfagbransjen må du heile tida ha fokus på hygiene. Det er nødvendig å ha både god personleg hygiene og god kjøkkenhygiene, for å unngå at bakteriar og andre mikroorganismar blømer opp og fører til at personar du lagar mat til blir sjuke.

En person som vasker hender med såpe. Foto.

Førebyggje smitte

På arbeidsplassen din finst det reglar og rutinar for korleis ein varetek god hygiene. Desse er gjerne skildra i prosedyrar som alle arbeidstakarane må ta omsyn til. Du skal til dømes ikkje bruke det same skjerebrettet til rått kjøt og rå grønsaker. Då er det greitt å ha kunnskap om kva for fargar vi nyttar på bretta til dei ulike råvarene.

Kunnskapen du har om hygiene og haldningane dine til hygiene, kan vere svært viktig for helsa til kollegaene og kundane dine. I dette emnet får du kunnskap om korleis du kan førebyggje smitte ved å utføre god hand- og kjøkkenhygiene, og korleis ein kan hindre at smitten spreier seg.

Læringsressursar

Hygiene