Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Fett og fettstofferChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Smør, margarin og oljer

Smør, margarin og oljer er ein del av det norske kosthaldet. Feitt har ein rekkje viktige oppgåver og er mellom anna ei viktig energikjelde for kroppen. Feitt vernar mellom anna nervar og indre organ og er ein komponent i cellemembranen. Det tilfører òg essensielle feittsyrer.

Matvaregruppe: smør, margarin og olje

Vi deler feitt inn i

  • metta feitt
  • umetta feitt som anten er einumetta eller fleirumetta

Metta feitt aukar risikoen for livsstilssjukdommar. Vi må likevel hugse på at helsedirektoratet tilrår at vi får i oss like mykje av kvar av dei tre feittypane.

Umetta feitt er bra for kroppen. Dei essensielle feittsyrene, omega 3 og omega 6, finst i umetta feitt. Kroppen greier ikkje å lage desse sjølv og må få dei tilført gjennom kosten.

Mykje metta feitt finst i

  • hard margarin
  • smør
  • kokosfeitt
  • smult

Mykje fleirumetta feitt finst i

  • dei fleste planteoljer
  • mjuk margarin

Helsedirektoratet skriv:

«Helsedirektoratet anbefaler mjuk vegetabilsk margarin, flytande margarin eller olje framfor hard margarin eller smør. Det er sunnast å ete så lite som mogleg av dei produkta som inneheld mykje metta feitt. Dei produkta som blir harde når dei står i kjøleskapet, slik som meierismør og nokre typar margarin, inneheld metta feitt, medan matoljer, flytande margarinar og mjuke margarinar inneheld mindre metta feitt og meir einumetta og fleirumetta feitt.»

Smør, margarin og oljer kan brukast

  • i matrettar og bakverk
  • til steiking
  • på brød
  • som dressingar
  • for å gi smak
  • i sausar

Alt reint feitt inneheld den same energimengda

Det er viktig å merke seg at ein ikkje får i seg mindre feitt dersom ein vel vegetabilsk margarin eller olje. Delen metta feitt blir likevel mindre, og du får i deg meir einumetta og fleirumetta feitt. Skal ein redusere energiinnhaldet i kosten, må ein ete mindre feitt, til dømes ved å kutte ut smør på brødskiva.

  • Margarin og smør inneheld om lag 80 prosent feitt.
  • Olje inneheld 100 prosent feitt.

Næringsinnhald

  • Margarin blir tilsett vitamin A og D.
  • Smør inneheld vitamin A og blir tilsett vitamin D.
  • Olje inneheld vitamin E. Vita hjertegod er tilsett vitamin D.

Utfordringar til deg

  1. Lag ei liste med forslag til korleis en kan redusere feittinnhaldet i kosten.
  2. Forklar skilnaden på metta og umetta feitt.
  3. Kva vil det seie at ei feittsyre er essensiell?
  4. Kva for helsemessige gevinstar kan du få av å redusere feittinnhaldet i kosten?

Læringsressursar

Fett og fettstoffer

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter