1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. RisChevronRight
  5. RisChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ris

Ris er ei slekt i grasfamilien, og har blitt dyrka som kornslag i Asia sidan 3000 år f.Kr. På verdsbasis blir han rekna som eit av dei viktigaste kornslaga, etter mais og kveite.

Riskorn i ein åker. Foto.

Det er det einaste hovudnæringsmiddelet for nesten 50 % av befolkninga i verda, og i motsetnad til dei andre kornslaga er meir enn 95 % av rishausten føde for menneske.

På enkelte asiatiske språk er ordet for «ris» og «mat» det same. Den vanlegaste risplanten er Oryza sativa. Risplanten er eittårig og blir om lag 1,2 meter høg. Det finst nesten 80 000 risvariantar i verda.

Risåker på Bali Indonesia. Foto.
Risåker på Bali Indonesia

Sesong

Ris blir dyrka i den fuktige årstida, og gjerne med mellomkulturar i den tørre årstida i form av mais, hirse eller belgvekstar. Veksttida er frå to til dryge seks månader. Ris stiller store krav til varme og vassforsyning og toler høg temperatur ved stor luftfuktigheit. Den vanlege sumprisen, som har luftførande vev i røtene, blir dyrka på sump- eller overfløymd mark. Tradisjonelt blir risen soltørka på bakken. I enkelte område kan det haustast tre risavlingar per år, mot normalt to risavlingar og éi maisavling.

Utbreiing

Dei landa som produserer mest ris er Kina, India, og landa i Søraust-Asia og Bangladesh. Årleg blir det produsert om lag 700 millionar tonn på verdsbasis. 90 prosent av risproduksjonen i verda går føre seg i Asia, med over 200 millionar risproduserande einingar.

Bruk

Risen har fleire bruksområde, også utanfor maten sin funksjon. Ein kan framstille papir (sigarettpapir), brennevin (sake og risvin), og bryggje ulike ølsortar. Risen blir likevel hovudsakleg kokt som tilbehøyr til middag. Sortane som er mest brukt er basmati, sjasmin og avoriaris. Risen blir òg brukt som grautris og puffa ris. Det som skil ristypane frå kvarandre er sjølve poleringa av korna.

Maiskolber. Foto.
Risåker på Bali i Indonesia.

Næringsinnhald

Risen inneheld 80 prosent stivelse og er ei god kjelde til karbohydrat. Han inneheld òg litt protein, natrium og fosfor. Risen inneheld ikkje vitamin og feitt.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Hugselappen

Utbreiing:

Ris blir ikkje dyrka i Noreg, det meste av risdyrkinga går føre seg i dei asiatiske landa.

Med andre ord:

Latin: Oryza

Engelsk: rice

Fransk: riz

Tysk: reis

Læringsressursar

Ris

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter