Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. PastaChevronRight
  5. PastaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Pasta

Pasta er eit næringsmiddelprodukt som vanlegvis er laga av ein deig av kveite (vanleg kveite eller durumkveite), vatn og salt. Han kan òg vere tilsett andre ingrediensar for å gi farge og smak til pastaen, eller andre eigenskapar. Mest vanleg er det å tilsetje egg.

Ulike pastatyper og et egg på et bord. Foto.

Ordet pasta kjem frå latinsk / gresk språk (παστα), og betyr deig. På italiensk blir ordet òg nytta om små kaker.

Sjølv om mange assosierer pasta med Italia, så var han rotfesta i den arabiske matkulturen før han spreidde seg til Hellas (makaronia) og deretter til Italia.

Ein sel ofte produktet i tørka tilstand, då med eit vassinnhald på om lag 7 prosent, men det kan òg seljast ferskt.

Utbreiing

Pasta blir brukt i store delar av verda. Han er enkel å lage til, og har mange variasjonar i farge, smak og konsistens. Det er fleire land som ønskjer å knyte opphavet til pastaen til sitt eige land. Vi tenkjer på Italia når vi høyrer ordet pasta, men han blei altså brukt i arabiske land og i Hellas før han blei brukt i Italia.

Bruk

I Austen brukar ein mykje nudlar der deigen kan lagast av både kveite, mais, ris og bønner. Pasta kan òg lagast av spelt eller bokkveite. Pastaingrediensane har ulike finleiksgrader, frå finmale til grovmale mjøl og heile korn. Pastaen blir helst servert "al dente" (med hard kjerne), då får ein fram smaken og retten ser meir delikat ut. I tillegg finst pasta i ulike variantar som:

• fersk eller tørka
• fylt eller ikkje fylt
• farga eller ikkje farga (grønsaker blir ofte brukte til farging)
• fullkorn eller vanleg type laga av sikta kveite

Næringsinnhald

Pastaen har eit høgt innhald av stivelse og er ei god kjelde til karbohydrat. Han inneheld òg en del protein, og mineralet natrium.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

Pasta

Læringsressursar

Pasta

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter