Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. PastaChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Pasta

Pasta blir brukt i store delar av verda, og er saman med poteter og ris den vanlegaste forma for mettingsgarnityr. Italia er blitt kjent som sjølve pastanasjonen, men variantar av pasta har eksistert i fleire land, til dømes Kina, før han kom til Italia.

Flere ulike pastaretter. Fotokollasj.

Pasta er ein mjølbasert deig som ein koker eller dampar i vatn. Han er enkel å lage til og varierer i farge, smak og konsistens. Kva pasta ein vel, er ei smakssak, men det kjem òg an på retten ein skal bruke han til. Det aller viktigaste når det gjeld koking av pasta, er å passe på at han ikke blir overkokt. Pastaen blir helst servert "al dente" (med hard kjerne), då blir smaken framheva og retten ser meir delikat ut.

I dette emnet får du nærare kjennskap til pastaen, kva han blir brukt til og dei vanlegaste variantane. Dersom du vil lage pastaen sjølv, finn du framgangsmåten under videoar.

Læringsressursar

Pasta

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter