Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Krydder og smaksstofferChevronRight
  5. Sukker og søte produktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sukker og søte produkt

Sukker er eit naturleg produkt som finst i mange ulike vekstar. Sukkeret gir god smak og søte, men har òg mange andre viktige funksjonar i matlaginga. Sukker finst i mange variantar, og kan brukast i mange næringsmiddelprodukt.

Brunt og kvitt sukker, laust og i bitar liggjande i skåler. Foto.

Lenge var sukker ei luksusvare for dei aller rikaste. I byrjinga blei det berre brukt som krydder på grunn av liten tilgang og høg pris. Først mot slutten av 1700-talet blei sukkerproduksjonen så effektiv at prisen fall og sukkeret blei tilgjengeleg for folk flest.

Produksjon

Sukker kjem frå sukkerroer og sukkerrøyr. For å utvinne sukker, presser ein sukkerrøyra for å få ut råsafta. Råsafta blir så reinsa og dampa inn til reint sukker. Råsukkeret som blir danna er brunt og aromatisk.

Når vi raffinerer råsukkeret går råsukkeret gjennom ein slags reinsingsprosess. I denne raffineringsprosessen fjernar vi mellom anna eit stoff som heiter melasse. Det er dette stoffet som gir sukkeret brunfargen. Kvitt sukker er derfor raffinert. Som eit biprodukt av denne prosessen får vi sirup.

Sukkeret sin funksjon i matlaginga:

  • Smakstilsetjing: Sukker smakar søtt, og blir derfor brukt til baking av kaker og dessertar der vi ønskjer ein søt smak.
  • Konserveringsmiddel: Sukker har evne til å binde vatn, og har derfor ein konserverande verknad. Mikroorganismar må ha vatn for å vekse. Tilset vi nok sukker i ei matvare, bind sukkeret vatnet og hindrar dermed bakterieveksten. Dette dreg vi nytte av når vi lagar syltetøy og saft.
  • Smaksforsterkar: Sukker kan i små mengder styrkje smak og aroma i ulike matrettar. Ei klype sukker kan til dømes mildne sur og bitter smak i ein saus.
  • Karamellisering: Sukker kan smeltast til karamell, og kan dermed brukast til mykje innanfor konditorvarer, i bakverk og karamellsaus.
  • Konsistens: Sukker er med på å gi rett konsistens og volum i kaker og brød. I tillegg har sukker evne til å danne gele saman med pektin frå frukt og bær.

Næringsinnhald

Sukker inneheld ingen nødvendige næringsstoff og gir berre energi, derfor blir sukker også kalla tomme kaloriar. Forbruket av sukker har auka dei siste tjue åra, og nordmenn får i seg langt meir sukker enn det som blir tilrådd.

Helsestyresmaktene tilrår at maksimalt ti prosent av energiinntaket vårt skal kome frå sukker.

Ulike typar sukker

Det finst mange ulike sukkertypar, dei vanlegaste er

  • farin, vanleg kvitt strøsukker
  • brun farin, vanleg sukker tilsett melasse
  • perlesukker, sukker i store krystall
  • raffinade, sukker pressa til bitar, sukkerbitar
  • kandissukker, store råsukkerklumpar
  • melis, sukker i pulverform
  • vaniljesukker, melis blanda med vanilje
  • sirup, biprodukt ved raffinering av sukker
  • demerara, brunt uraffinert røyrsukker

Lagring

Sukker bør oppbevarast på ein tørr stad då det lett trekkjer til seg vatn og dannar klumpar om det blir utsett for væte.

Læringsressursar

Krydder og smaksstoffer

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter