Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Krydder og smaksstofferChevronRight
  5. Krydder ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Krydder

Denne oppgåva er i to delar. I den første delen av oppgåva skal du velje deg ut ein kryddersort og lage ein presentasjon av det aktuelle krydderet. Presenter krydderet for dei andre i klassen.

Tre ulike krydder i kvar si skål. Foto.

I den andre delen av oppgåva er det krydderkonkurranse. Kven kjenner att flest krydder? Læraren deler elevane inn i grupper.

Oppgåve 1

Vel ein kryddersort.

Lag ein presentasjon av krydderet der du har med

  • kva for gruppe krydderet tilhøyrer
  • korleis krydderet ser ut: friskt, heilt, tørka
  • kvar krydderet blir dyrka og under kva slag dyrkingsforhold
  • historie – kan du finne ut noko om kva rolle krydderet har spela i historia?
  • bruksområde, kva kan det brukast til?
  • oppbevaring, korleis skal det oppbevarast?

Når alle har framført presentasjonen sin, kan de lage eit samlehefte med alle dei ulike kryddersortane kvar einskild elev har skrive om.

Oppgåve 2

Krydderkonkurranse!

Læraren set opp stasjonar med fem ulike kryddertypar på kvar stasjon. Kvar kryddertype skal merkast med namn. Klassen blir delt inn i grupper på 3-4 elevar. De skal no bli kjende med krydderet ved å bruke sansane til å sjå og lukte på krydderet.

Etter fem minutt skiftar elevane plass, slik at dei rullerer mellom dei ulike kryddera. Når alle gruppene har fått sett på alle kryddera, tek lærarane kryddera fram til ein eigen stasjon, og fjernar namnelappane.

Kvar gruppe kjem så fram og skal plassere rett namn på rett krydder. Den gruppa som klarer å plassere flest rette namn på kryddera vinn.

Læringsressursar

Krydder og smaksstoffer

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter