Vi har ulike søtningsstoffer som har ulike bruksområder. Glukose brukes mye i konditorbransjen. Fruktose smaker litt søtere enn sukker og er en del brukt i industrien.

Vi har ulike søtstoff som har ulike bruksområde. Glukose blir mykje brukt i konditorbransjen. Fruktose smakar litt søtare enn sukker og er ein del brukt i industrien.
Glukose
Glukose er eit karbohydrat og blir også kalla for druesukker. Det finst opphavleg i frukt og bær. Glukose er framstilt av maisstive og smakar mindre søtt enn sukker. Glukosen som blir brukt i konditorbransjen er flytande.
Bruksområde
Glukose blir mykje brukt i konditorbransjen for å få rett konsistens på det bestemte produktet.
Glukose gjer
- marsipanen smidig
- konfekten mjuk
- marshmallows smidige og seige
- at ulike massar, til dømes karamellar, ikkje sukrar seg
Fruktsukker
Fruktsukker er like søtt som sukker og finst naturleg i frukt, bær, grønsaker og honning. Fruktsukker blir brukt ein del i industrien fordi det er billegare enn sukker og ein kan bruke mindre mengde av det. Det finst òg små pakkar å få kjøpt for forbrukaren.
Bruksområde og eigenskapar
- Fruktsukker eignar seg godt til å bruke i kalde rettar.
- Det løyser seg lett opp i mat.
Fruktsukker er søtare enn vanleg sukker. Det kan derfor vere greitt å redusere sukkermengda i ei oppskrift dersom du bruker fruktsukker.
- 1 dl fruktsukker veg 70 gram, medan 1 dl vanleg sukker veg 90 gram.
Næringsinnhald
Fruktsukker inneheld 100 g karbohydrat per 100 g vare.
Fruktsukker gir ikkje så høg blodsukkerstiging som sukker, og mange diabetikarar vil derfor helst bruke fruktsukker. Det inneheld derimot like mange kaloriar, men har ein låg glykemisk indeks.
Læringsressursar
Krydder og smaksstoffer
Fagstoff
Smaksstoffer
KjernestoffKrydder i maten
KjernestoffKrydder
KjernestoffKrydderplansje
KjernestoffSalt
KjernestoffEddik
KjernestoffSukker og søte produkt
KjernestoffHonning
Kjernestoff- Kjernestoff
Fruktose og glukoseDu er her
Søtstoff
KjernestoffGanefryd - salt
KjernestoffGanefryd - sukker
KjernestoffGanefryd - krydder
KjernestoffUrter
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Smaksstoff
KjernestoffKrydder og urter
KjernestoffKrydder og urter - Inndeling av krydder
KjernestoffKrydder
Kjernestoff