1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Krydder og smaksstofferChevronRight
  5. HonningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Honning

Honning er eit naturprodukt utan tilsetjingsstoff, som i hovudsak består av 80 % karbohydrat (fruktsukker og glukose). Honninga får smak, lukt og karakter alt etter kor biene samlar nektar frå.

Birøktar i arbeid med å kontrollere brett frå bikuben. Foto.

Honninga smakar først og fremst søtt, men ein kan òg kjenne andre smakar som syre, beisk smak og umami.

  • Sommarhonning er ein mild og lys honningtype som er noko lysare enn lynghonning. Biene hentar nektar frå blomane til bringebær, blåbær, frukttre, kløver og løvetann.
  • Lynghonning er ein mørkare og litt sterkare honningtype. Biene hentar nektar frå røsslyng.

Produksjon

Biene lagrar honninga i voksceller i bikuben. For å få honninga ut av vokscella blir det brukt ei sentrifuge, som slyngar honninga ut. Ein kan auke haldbarheita ved å varme opp honninga mot 50 °C slik at noko av vatnet fordampar.

Kvalitet

  • Ei god honning har ein finkorna og smørliknande konsistens.
  • Kor fast honninga er, kjem an på kor mykje vatn det er i ho.
  • Somme typar honning er flytande, som akasiehonning, fordi ho inneheld svært mykje fruktose. Flytande honning blir ikkje produsert i Noreg.

Bruksområde

Honning kan nyttast i ulike kaker, kjeks og dessertar. I matlaging kan ein nytte honning i marinadar og dressingar. Sukker kan bytast ut med honning i dei fleste rettar.

1/2 dl honning svarar til 1 dl sukker.

Oppbevaring

Honning bør oppbevarast i romtemperatur, og ho er haldbar i mange år.

Næringsstoff

Honning inneheld i motsetning til sukker litt vitamin, mineral og aminosyrer. Ein kan elles finne ein del antioksidantar i honning, og då særleg i den typen som er mørkast. Innhaldet av antioksidantar varierer, alt etter kva for plantar honninga er hausta frå.

Nyare forsking viser at honning er med på å styrkje immunforsvaret og bidreg til ei betre helse.

Historie

Honning er den eldste sukkerkjelda vår, og det er funne spor etter bruk av honning heilt frå bronsealderen. I vikingtida var det vanleg å lage mjød til drikke. I denne alkoholhaldige drikken var honning ein svært viktig ingrediens. I tillegg brukte ein òg honning i kaker og dessertar.

Læringsressursar

Krydder og smaksstoffer

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter