Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Råvarer, tillaging og produksjonChevronRight
  4. Korn og mjølChevronRight
  5. Korn og kornproduktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korn og kornprodukt

I Noreg dyrkar vi i hovudsak kornartane bygg, kveite, havre og rug. Å dyrke korn har vore vanleg i Noreg sidan slutten av steinalderen. Det er vanleg å ete fleire skiver brød kvar dag, noko som gjer brød og kornvarer til ein viktig del av kosthaldet vårt.

Til gruppa korn og kornprodukt reknar vi

  • alle korntypar
  • matvarer som er laga av korn, mjøl og gryn

Korn inneheld

  • karbohydrat
  • kostfiber
  • lite feitt
  • energi
  • B1
  • E-vitamin i kimen
  • mineral, særleg jarn

Mjøl

Vi har tre hovudtypar mjøl:

  • sikta mjøl
  • sammale mel
  • heilkorn
Eit par brød, korn og mjøl på ein benk. Foto.
Det finst mange typar korn og mjøl som har ulike bakeegenskaper.

Bakeevne fortel om kornet eller mjølet kan brukast aleine i baking. Bakeevna varierer med kornsortane og er knytt til gluteninnhaldet i proteinet

Utmalingsgrad

Når vi mel kornet til mjøl, bruker vi heile eller delar av kornet i det ferdige mjølet. Når vi bruker heile kornet, seier vi at utmalingsgraden er 100 prosent. Ønskjer vi eit finare mjøl, tek vi bort delar av kornet og får ein lågare utmalingsgrad. Mjøl med lågare utmalingsgrad har lågare innhald av vitamin, mineral og fiber. Dersom vi tek bort kli og kime frå mjølet, blir desse selde som eigne produkt. Kli består av skalet på kornet og litt av kimen. Kli er ei god fiberkjelde. Kim består av kimen og er rik på vitamin, mineral og noko umetta feitt.

Brød

  • Du kan bake brød ved å bruke éin type mjøl eller ved å blande fleire.
  • Du kan kjøpe ferdige mjølblandingar.
  • Du kan kjøpe halvsteikte brød som du steiker ferdig sjølv.
  • Du kan kjøpe ferdige brød.

Det kan ofte vere vanskeleg å vite kva for brød som er dei sunnaste, særleg når du kjøper ferdige brød. For å hjelpe deg til å finne ut kor grovt brødet er, har Næringsmiddelbedriftenes Landsforening og Baker- og Konditorbransjens Landsforening i samarbeid med Forbrukarrådet, Helsedirektoratet og Mattilsynet utarbeidd eit merkesystem for mjøl- og bakeribransjen: Brødskala'n.

Les meir om merkeordninga Brødskala'n på brodogkorn.no.

Læringsressursar

Korn og mjøl