Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Korn og mjølChevronRight
  5. HavreChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Havre

Havre er yngre som kulturplante enn bygg og kveite. I Noreg byrja vi å dyrka havre for om lag 2500 år sidan. Havre trivst best i kjølig og fuktig klima. Det er derfor gode føresetnader for å dyrka havre i Norden.

Havreåker. Foto.

Frå mellomalderen og til etter andre verdskrigen var havre det dominerande kornslaget i Noreg. Havre har ein greina og open blomsterstand, kalla risle, og kan lett skiljast frå andre kornartar.

I 2007 vart det dyrka 260 000 tonn havre i Noreg. Ca. 16 000 tonn vart nytta til mat. Det er i dag aukande interesse for å nytta meir havre til mat. Havre inneheld, som bygg, viktige fiberstoff.

Skål med havregryn. Foto.
Havregryn

Bruk

Over 90 prosent av norsk havre går til dyrefôr, først og fremst til kraftfôr, men også som knust og heil havre til hest. Under to prosent av norsk havre går til havregryn.

Hvit tallerken med havregrøt og et glass rød saft på bord med rød duk.
Havregrøt - versågod!

Havremjøl

Av havre vert det laga havregryn, havremjøl og havrekli. Havre har ein nøtteaktig smak som gir god smak på brødet. I havre er det ikkje gluten, og vi må derfor blande havre med andre kornartar for å få eit godt bakeresultat.

Næringsinnhald

Havre inneheld ca. 70 prosent karbohydrat, 11–12 prosent protein, vel fem prosent feitt og ti prosent fiber.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Hugselappen

Sesong

Havre vert hausta når kornet er moge, vert lagra og er å få kjøpt heile året.

Utbreiing

Havre kan dyrkast i store delar av landet.

Med andre ord:

Latin: Avena sativa
Engelsk: Oat
Tysk: Saat-Hafer eller Echter Hafer
Fransk: Avoine cultivée

Læringsressursar

Korn og mjøl

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter