Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Korn og mjølChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fakta om brød − Brødskala'n

Det kan vere vanskeleg å vurdere kor grovt eit brød er ut frå utsjånaden. For å gjere det lettare å velje kor grovt brød ein vil ete, er merkeordninga Brødskala’n laga. I dag reknar ein med at om lag halvparten av brøda som blir selde, er merkte med Brødskala’n.

Brød i gjennomsiktig pose, med grovmerking. Foto.

Brødskala’n viser kor mange prosent heile korn, sammale mjøl og kli det er i brødet. Merkeordninga er mellom anna å finne på eit utval av brødposar og mjølblandingar. Brød blir rekna for grovt når minst 50 prosent eller meir av mjølmengda er sammale mjøl, heile korn eller kli.

Brødskala’n er delt inn i fire kategoriar:

bilde av de fire inndelinger av brødskala'n
Brødskala'n
  • Fint brød: 0−25 prosent sammale mjøl eller heile korn
  • Halvgrovt brød: 25−50 prosent sammale mjøl eller heile korn
  • Grovt brød: 50−75 prosent sammale mjøl eller heile korn
  • Ekstra grovt brød: 75−100 prosent sammale mjøl eller heile korn

Grovt til kvardags

Helsestyresmaktene tilrår at vi et meir grove kornvarer og vel dei grove og ekstra grove brød- og kornprodukta til kvardags. Grovt brød inneheld fleire næringsstoff enn fint brød. Dei grove brød- og kornprodukta er ei god og viktig kjelde til kostfiber i tillegg til fleire vitamin og mineral. Ekstra grovt brød gir to til tre gonger så mykje kostfiber som fint brød.

Ingredienslista

Finn ein ikkje Brødskala’n på eit brød, må ein sjå på ingredienslista for å finne ut kva brødet inneheld. Ingrediensane er lista opp etter synkande rekkjefølgje. Det som det er mest av, står først.

Merkeordninga

Brødskala’n er ei merkeordning for mjøl- og bakeribransjen som blei utarbeidd av NHO Mat og Drikke og Baker- og Konditorbransjens Landsforening i samarbeid med Forbrukarrådet, Sosial- og helsedirektoratet og Mattilsynet i 2006. Det er frivillig for mjøl- og bakeribransjen å nytte merkeordninga.

Læringsressursar

Korn og mjøl

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter