Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. PoteterChevronRight
  5. Bruksområda til poteta før og noChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruksområda til poteta før og no

Opp gjennom tidene har vi nytta poteta på mange måtar. Vi skal her sjå nærare på korleis ho har fått nye bruksområde frå ho kom til Noreg på 1700-talet og fram til i dag.

Bilete av kokte nypoteter med grasløk

Dagleg kost for nordmenn på 1800-talet

Kosten på 1800-talet omfatta graut og brød. Dårleg kornvekst, i tillegg til krigen i Europa som blokkerte kornsendingane til Noreg, førte til at nordmenn oppdaga poteta. Poteta hadde i utgangspunktet liten verdi i seg sjølv. Ho var meint som eit alternativ for underklassen som ikkje hadde råd til å skaffe seg korn.

Kokt potet til kvardags

I starten blei poteta berre i liten grad brukt hos eliten, medan ho blei kvardagsmat for det breie lag av folket. På 1800-1900-talet endra bruken seg, og ein brukte poteta meir til kvardags i alle samfunnslag.

Kokte poteter blei etter kvart den vanlegaste bruksmåten, og dei var ikkje lenger berre ei erstatning for kornet. Ein åt poteter både til frukost og til ettermiddagsmat. Litt etter litt blei kokte poteter eit fast tilbehøyr til fisk, kjøt og grønsaker.

Kokebøker frå 1800-talet skildrar mange potetrettar:

  • Potetmjøl blei til ved at tynne skiver eller terningar av råpoteter blei tørka, malne og knuste. Poteta brukte ein som erstatning for mjølet i både brød, flatbrød og graut, og til jamning av supper og sausar.
  • Ved å lage flatbrød med poteter, fekk dei eit velsmakande produkt med god lagringsevne.
  • Komle/raspeball/klubb var opphavleg ein ball som blei laga av mjøl. På grunn av kornmangel og delvis kostbart mjøl, blei mjølet etter kvart erstatta av potetmjøl eller rivne poteter. Små potetbollar blei brukte i supper.
  • Ein brukte poteter for å dryge smøret, ved å mose dei og tilsetje smør.
  • Eit anna bruksområde som bøndene sjølve hadde funne opp, gjekk ut på at potetene blei skorne opp i små terningar som dei helte surmjølk over. Dette gjorde dei òg med flatbrød.
  • I gamle kokebøker er varme og kalde puddingar det som var mest vanleg. Ein brukte rivne poteter som erstatning for brødrasp, og fekk ein potetpudding.
  • Potetgraut blei laga av potetmjøl eller potetgryn der ein tilsette mjølk og smør. Den vanlegaste oppskrifta blei laga på saft av bær, som ein raudgraut.
  • I tillegg nytta ein stua poteter, mos, graut og kaker med potet.

Foredling av poteter

Industriell framstilling av poteter i ulike variantar har gjort at forbruket vårt av tradisjonelle kokte matpoteter har endra seg.

Chips-produksjon

Chips-produksjonen i Noreg starta såvidt opp på Maarud gard i 1936, men det var først etter krigen at det utvikla seg til masseproduksjon. I dag er det fleire selskap som produserer chips (potetgull). Denne måten å nytte poteter på vaks raskt fram, og noko av årsaka kan nok knytast opp mot hurtigmatkjedene Burger King og McDonalds.

Etter kvart (1960-talet) fekk ein òg poteter som tørrvare, og då i form av flakes og granulat. Potetflakes som vi til dagleg omtalar som potetmos, er ei stor vare i daglegvarehandelen fordi det er så tilgjengeleg og enkelt å lage til. I industrien nyttar ein flakes og granulat i produkt som lomper og lefser. Somme potetgullvariantar blir laga av granulat, som potetskruar og pringles.

«Frå grisefôr til delikatessepoteter»

Dette er ei utsegn som handlar om at småpoteter tidlegare blei sorterte vekk frå matpotetene. Desse småpotetene blei nytta som fôr til grisane, eller dei blei sorterte ut som avreins til spritproduksjon. I seinare år har det blitt ein trend å bruke desse potetene til delikatessepoteter. Det fører til at potetprodusentane ikkje leverer inn småpotetene til brenneri, men sel dei til daglegvarehandelen for ein mykje høgare pris.

Frå heimebrenneri til industribrenneri

Frå 1700-talet blei brennevin ein del av dagleglivet. For å lage brennevin nytta ein korn, ofte korn som ikkje kunne brukast til brødbaking på grunn av mugg. Etter kvart begynte ein å leite etter ei erstatning for kornet, då kornet likevel hadde større verdi i brødbakinga. Ved å nytte poteter som råstoff sparte ein 2/3 i råstoffutgifter, fordi kornet var dyrare enn poteter. Frå ein åkerlapp kunne det framstillast fire gonger så mykje sprit frå poteter som frå korn. I dagens spritproduksjon bruker ein restar og poteter som ikkje tilfredstiller krava til annan produksjon.

Læringsressursar

Poteter

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter