Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Sjømat – fiskChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjømat – fisk

Fisk har alltid vore ei viktig matvare i Noreg, særleg langs kysten, og kan vere villfisk eller oppdrettsfisk. I dag et vi langt mindre fisk enn det som er ønskjeleg, og langt mindre fisk enn kjøt. Særleg dei yngre aldersgruppene et for lite fisk.

NM i sjømat - Petter Andersen t.h. og Stian Jølstangen . Foto.

Sjømat omfattar ikkje berre fisk. Krepsdyr og skjel er òg sunn mat. Vi bør ete meir fisk og sjømat både som middag og som pålegg.

Inndeling av fisk etter feittinnhald:

  • mager fisk (til dømes torsk og sei)
  • mellomfeit fisk (til dømes uer og kveite)
  • feit fisk (til dømes sild og makrell)

Næringsinnhald:

  • protein
  • vitamin B12
  • selen og jod

I feit fisk og tran får du i tillegg

  • vitamin D
  • omega 3-feittsyrer

Ete fisk som

  • middag
  • pålegg
  • mellommåltid

Tillagingsmetodar:

  • salta
  • kokt
  • steikt
  • luta
  • tørka
  • Kan du meir?

Hos Helsedirektoratet kan du lese:

«Ut frå eit helsemessig synspunkt er det gunstig om forbruket av fisk, både mager og feit fisk, aukar i befolkninga. Helsedirektoratet anbefaler at ein et fisk både som pålegg og til middag, og at ein varierer mellom ulike fiskeslag.»

Verdas helseorganisasjon framhevar at det finst dokumentasjon som viser at inntak av feit fisk og fiskefeitt reduserer risikoen for hjarte- og karsjukdommar.

Opp gjennom historia har vi utvikla ei mengde ulike tillagingsmetodar for fisk for å bevare lagringsevna og for å variere smaken.

Utfordringar til deg

  1. Lag ei oversikt over sunne påleggsvariantar av fisk.
  2. Gjer deg kjend med sida til Eksportutvalet for fisk. Lag ei oversikt over kva du kan finne på denne sida, og diskuter med medelevar korleis de kan bruke sida i vidare arbeid på skulen og i bedrifter.
  3. Bruk fiskeleksikonet Godfisk og Matvaretabellen. Lag ein plakat som viser næringsinnhaldet i ulike typar fisk.
  4. Set opp ein vekemeny med sunne middagar. Fiskemåltid bør vere ein del av denne vekemenyen.

Læringsressursar

Fisk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter