1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fisk er suntChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fisk er sunt

Ut frå eit helsemessig synspunkt meiner Helsedirektoratet at det er gunstig om vi et meir fisk, både mager og feit. Helsedirektoratet tilrår at vi et fisk både som pålegg og til middag, og at vi varierer mellom ulike fiskeslag.

Ein tallerken med rå laks. Foto

Fisk er ei viktig kjelde til livsnødvendige næringsstoff, og feit fisk har ei gunstig feittsyresamansetning. Det finst gode haldepunkt for at konsum av fisk, og særleg feit fisk, er gunstig i høve til hjarte- og karsjukdommar. Konsum av feit fisk kan òg vere gunstig for fosteret si utvikling under graviditeten, mellom anna for veksten og den nevrologiske utviklinga.

Gunstig ernæringssamansetning

Fisk har eit høgt innhald av mange nødvendige næringsstoff. Fisk er ei god kjelde til protein, vitamin B12, selen og jod. Feit fisk og tran er dei viktigaste kjeldene til dei lange fleirumetta omega-3-feittsyrene (EPA og DHA) og vitamin D. Tilførselen av vitamin D frå feit fisk er viktig ettersom store delar av befolkninga har eit vitamin D-inntak som er lågare enn anbefalt.

Feittsyresamansetning

Fiskefeitt har ei gunstigare feittsyresamansetning enn feitt frå meieriprodukt og kjøt. Fiskefeitt har eit mykje lågare innhald av metta feittsyrer og eit mykje høgare innhald av fleirumetta feittsyrer enn feittet frå mjølk og kjøt. Ettersom forbruket av kjøt i befolkninga er omtrent dobbelt så høgt som forbruket av fisk, meiner Helsedirektoratet at dei fleste av oss med fordel kan byte ut ein del av kjøtet med fisk.

Fisk og hjarte- og karsjukdommar

Samansetninga av kosthaldet, og særleg kosten si feittsyresamansetning, er viktig for å redusere risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdommar. Høge kolesterolnivå i blodet aukar risikoen for hjarte- og karsjukdommar. Fleirumetta feitt minskar og metta feitt aukar kolesterolnivået i blodet.

Det er derfor heldig om vi byter ut feite meieri- og kjøtprodukt som inneheld mykje metta feitt med

  • mjuk margarin
  • matoljer
  • feit fisk som inneheld mykje fleirumetta feitt.


Det er òg haldepunkt for at feit fisk og dei lange fleirumetta omega-3-feittsyrene frå fisk kan minske risikoen for dødelege hjarteinfarkt, særleg for dei av oss med auka infarktrisiko eller som tidlegare har hatt infarkt.

Verdas helseorganisasjon (WHO) konkluderer med at det ligg føre overbevisande dokumentasjon for at inntak av fisk og fiskefeitt minskar risikoen for hjarte- og karsjukdommar. Den amerikanske hjarteforeininga (American Heart Association) rår til at alle bør ete fisk minst to gonger i veka, og at dei av oss med hjartesjukdom i tillegg bør sikre seg eit dageig inntak av 1 gram lange fleirumetta omega-3-feittsyrer (EPA, DHA), helst frå feit fisk.

Kor mykje fisk et vi?

Det er relativt få (mindre enn 2 prosent) av vaksne i Noreg som ikkje et fisk i det heile, men likevel er det så mange som 10 prosent som ikkje et feit fisk og fiskepålegg. Delen som ikkje et feit fisk eller fiskepålegg, er om lag dobbelt så stor blant dei yngre som dei eldre.

Kor mykje fisk bør vi ete?

Fiskeforbruket er lågare enn ønskjeleg, og vesentleg lågare enn forbruket av kjøt. Dette viser både forbruksundersøkingar og dei nasjonale kosthaldsundersøkingane. Inntaket av fisk var særleg lågt i dei yngre aldersgruppene. Det vil vere ein fordel å auke forbruket av fisk i staden for kjøt.

Det er tilrådd at ein et 300–450 gram fisk i veka.

Miljøgifter i fisk

Fisk kan innehalde uønskte stoff som miljøgifter. Ut frå eit toksikologisk synspunkt meiner Vitskapskomiteen for mattryggleik at ein generelt sett ikkje treng vere redd for at det skal vere skadeleg å ete fisk og annan sjømat når konsumet er variert. Å ete meir enn to måltid feit fisk i veka i mange år med dagens nivå av dioksin og PCB kan føre til ei moderat overskriding av det tolerable inntaket for desse stoffa. Å halde seg under tolerabelt inntak er viktig for heile befolkninga, men særleg viktig for jenter og kvinner i fruktbar alder. Unge kvinner kan likevel ete meir feit fisk trass i desse tala, sidan dei i gjennomsnitt et under eit halvt måltid feit fisk i veka.

Læringsressursar

Fisk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter