Hopp til innhald

SubjectEmne

EMNE

Fisk

Fisk har alltid vore ei viktig matvare i Noreg, særleg langs kysten. Vi har både villfisk og oppdrettsfisk, og Noreg er no eit av dei landa som eksporterer mest oppdrettsfisk.

Heil laks og torske- og laksefilet som ligg på eit fat. Foto.

Fisk er nøytralt på smak og kan derfor nyttast i mange retter med ulikt tilbehøyr, og til alle måltid i løpet av dagen. Vi deler fisk inn i halvfeit, feit og mager fisk.

Fisk inneheld viktige næringsstoff som det er dokumentert at gir oss ein god helseeffekt. Helsestyresmaktene i Noreg rår oss derfor til å ete fisk to til tre gonger i veka.

I dette emnet får du kunnskap om kva fisken har å seie for helsa, du lærer å skilje dei ulike fiskesortane frå kvarandre, og du lærer korleis du filteter, oppbevarer og kvalitetsvurderer fersk fisk.

Emne

Fisk

  • Fisk er ei fantastisk ernæringsmessig råvare og utgangspunkt for ei rekkje nydelege matretter.

  • For å kunne lage nydelege retter av fisk, både til kvardags og til fest, er det viktig med riktig tillagingsteknikk og riktig temperatur.

  • Filetering

    Etter at fisken er bløgga og sløgd, må filetane fjernast frå beinet. Då er det viktig med riktig teknikk for filetering.

  • Fiskeartar

    Det finst tallause ulike fiskeslag. Fiskeslaga har ulike ernæringsmessige fordelar og blir laga til på ulike måtar.

Læringsressursar

Fisk