Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Grønsaker, frukt og bærChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bær

Bær er rett og slett små og store smaksbomber i alle fargane i regnbogen! Det er lite vi treng gjere med dei før vi kan ete dei. Berre skyl dei i kaldt vatn, så er dei klare for servering.

Friske bær i ein haug. Foto.

Alle bær treng å stå kaldt, men bør bli tempererte før servering. Då får dei ein mykje betre og kraftigare smak og aroma.

Bruksområde

Bær kan ein ete naturelle åleine eller saman med andre bær og frukter til is eller andre dessertar. Ein kan òg bruke dei som pynt på blautkaker eller saman med andre bær i pai. Dei smakar ypparleg som fyll i blautkaker eller rullekaker.

I beit for raud saus? Jordbær eller bringebær kan du kjøre med ein stavmiksar til ein svært god bærsaus.

Med enkle middel kan ein gjere bæra om til delikat konfekt: Smelt mørk eller kvit sjokolade over vassbad. Dypp jordbær halvvegs i, og la sjokoladen stivne før du serverer.

Bær eignar seg godt til både safting, sylting og til gele. Dei gir òg god smak på fromasjar og kremar.

Næringsinnhald

Frukt, bær og grønsaker er viktige i det daglege kosthaldet fordi dei inneheld mykje vitamin, mineral og fiber, men samstundes gir dei lite feitt og energi. Det vil seie at frukt, bær og grønsaker tilfører kroppen mange verdifulle næringsstoff som vi har bruk for, utan å samstundes tilføre mykje energi og feitt som vi generelt sett får for mykje av i kosthaldet vårt.

Sosial- og helsedirektoratet rår oss til å ete «5 om dagen». Halvparten av mengda bør vere frukt og bær. 1–2 dl bær svarar til ein porsjon.

Antioksidantar – kroppen si eiga antirustbehandling

I det siste har det vore særleg stor merksemd rundt antioksidantar. Dette er naturlege stoff som kroppen lagar sjølv, eller som vi får i oss frå frukt, grønsaker, bær og nøtter.

Antioksidantane har funksjonar som først og fremst er knytte til kroppen sine forsvarsmekanismar, der dei mellom anna uskadeleggjer kreftframkallande og celleøydeleggjande stoff (såkalla frie radikalar) og reparerer skadar som er forårsaka av desse. I tillegg har vi nokon antioksidantar som hindrar at feittet i overflata av cellene våre harsknar. Dette gjer at cella er motstandsdyktig mot stoff som elles kunne ha trengt seg inn og skada arvestoffet i cellekjernen.

Somme antioksidantar er vitamin, andre er sporstoff, og atter andre er såkalla flavonoid eller sterke fargestoff. Av dei mest aktive antioksidantane kan vi nemne vitamin C, vitamin E, betakaroten, lykopen i tomat, sporstoffet selen og Q10.

Enkelt sagt er antioksidantar ei antirustbehandling for kroppen din!

Gå for dei sterke fargane – dess sterkare fargar, dess sunnare er det

Naturen er så finurleg innretta at det ikkje er éin einskild frukt eller grønsak som er den ultimate sjukdomsførebyggjaren. Nei, det du skal gjera deg umak med, er å ete variert. Kombiner ei rekkje ulike grønsaker, frukter og bær, og du får det beste forsvaret mot mellom anna hjartesjukdom, kreft og for tidleg aldring. Bær er sunt, sannsynlegvis mykje sunnare enn vi har vore klare over. Dei er stappfulle av antioksidantar. Vil du halde deg sunn og frisk, bør du ete massevis av frukt, bær og grønsaker og særleg dei med sterke fargar!

Det er nemleg slik at det finst massevis av antioksidantar i desse fargane. Blåbær inneheld stoffet antocyanidinar som gir den fine fargen og vernar mot mikroorganismar. Dei er med andre ord plantane sitt eige immunforsvar. Det fantastiske er at desse viktige eigenskapane blir overførte til kroppen etter at vi har ete bæra. Det fører til at vi får i oss effektive antioksidantar som igjen er eit viktig vern mot utvikling av kreft og hjarte- og karsjukdommar.

Vi kan halde oss friske og truleg yngre ved å ete bær i rik mon. Med denne kunnskapen er det kanskje ikkje så dumt å auke inntaket av frukt og bær?

Læringsressursar

Grønsaker, frukt og bær

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter