Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Grønsaker, frukt og bærChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skyl frukt og grønsaker før du et dei

Frukt og grønt, særleg det som er importert frå utlandet, kan innehalde bakteriar og virus som gir oppkast og diaré. Du bør derfor alltid skylje frukt, grønsaker, salat, spirer og krydderurter før du et dei.

Ein purre blir vaska under rennande vatn. Foto.

Sjølv om fruktene eller grønsakene ser reine og pene ut, kan det finnast bakteriar eller virus. Ver sæleg merksam på frukt eller grønsaker som er importerte til Noreg frå varmare land. Desse utgjer ein større risiko på grunn av faktorar som klimatiske tilhøve, liten tilgang på reint vatningsvatn, bruk av naturgjødsel og mange små, uavhengige produsentar. Smitte kan òg bli overført via dårleg handhygiene hos dei som haustar fruktene og grønsakene på plantasjane.

Melonar er eit døme på ei frukt/grønsak som blir importert frå varmare land der det finst fleire farlege bakteriar. Melonar ligg ofte ute under open himmel, blir frakta utan emballasje og tekne rett inn til oppdeling og konsum. Utsida av desse fruktene er perfekte stader å feste seg for bakteriar, og det har vore fleire utbrot i utlandet forårsaka av melonar med salmonella og E. coli.

Rådet er derfor:

Skyl all frukt, grønsaker, salatar, spirer og krydderurter før du et dei rå.

Babymais og sukkererter kan få eit raskt oppkok før du et dei. Desse grønsakene et ein vanlegvis kokt eller steikt i opphavslandet. I Noreg et vi dei gjerne rå, og det stiller høgare krav til produkta sin hygieniske standard.

Læringsressursar

Grønsaker, frukt og bær

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter