Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Grønsaker, frukt og bærChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kor mykje bør vi ete?

Grønsaker, frukt, bær og belgfrukter er viktige kjelder til kostfiber, vitamin og mineralstoff, samtidig som dei bidreg med lite energi.

Bolle med frukt og grønsaker. Foto.

Kor mykje bør vi ete?

Helsedirektoratet tilrår minst fem porsjonar frukt, bær og grønsaker dagleg, til saman fem om dagen. Tilrådd inntak er om lag 500 g per dag. Éin porsjon svarar til omkring 100 g kokte eller rå grønsaker, ein porsjonsbolle med blanda salat, ei lita frukt, omkring 1 dl frukt- eller grønsaksjuice eller 1−1,5 dl bær. Du finn døme på fem om dagen i lenkjesamlinga.

Danske berekningar tyder på at for kvar 100 g auke i grønsak- og fruktinntaket så minskar risikoen for hjarte- og karsjukdom med 4−10 prosent, og at ein kan førebyggje 3000 dødsfall årleg dersom alle danskar åt 500 g frukt og grønsaker dagleg.


Kvifor bør vi ete frukt og grønsaker?

Sjølv om forskinga ikkje har avklara kva det er for stoff og mekanismar som gir oss den gunstige helseeffekten av frukt og grønsaker, er det gode vitskaplege haldepunkt for at ein ved å ete frukt og grønsaker blir verna mot ei rekkje kroniske sjukdommar, slik som kreft, hjarte- og karsjukdommar og type 2-diabetes. Vi bør derfor ete mykje og variert av ulike typar grønsaker, belgfrukter, frukt, bær, nøtter og urter.


Mange forskarar meiner at det er antioksidantane som finst i frukt og grønsaker som har ein vernande effekt. Det finst fleire hundre ulike antioksidantar i grønsaker og frukt. Kanskje er det samspelet mellom alle dei ulike antioksidantane med kvar sine ulike kjemiske eigenskapar som gjer at dei ulike cellene og organa i kroppen blir verna mot skade.

Kor mykje et vi?

I Noreg aukar forbruket av frukt og grønsaker. Frå 1975 til 2005 auka engrosforbruket av grønsaker med 70 prosent og forbruket av frukt og bær med 11 prosent. Omrekna til etande mengde er det samla forbruket av grønsaker, frukt, bær og poteter (utan potetprodukt) om lag 400 g per dag.


Frå 2001 til 2005 har vesentleg fleire unge byrja å ete frukt og grønsaker dagleg, viser ei helsevaneundersøking blant skuleelevar. Det er likevel framleis langt under halvparten som et frukt og grønsaker kvar dag. Ungdommar frå familiar med låg sosial status åt sjeldnare frukt og grønsaker enn dei frå familiar med høg sosial status.

Blant barn og unge var det gjennomsnittlege forbruket av grønsaker, frisk frukt og juice rundt 225−250 g per dag. Berre 10−20 prosent et meir enn 400 g per dag.

Vaksne et i gjennomsnitt om lag tre porsjonar grønsaker, frukt og juice om dagen. Berre om lag 10 prosent åt fem porsjonar eller meir per dag. Kvinner et meir grønsaker og frukt enn menn. Dei med lang utdanning har eit høgare inntak av frukt og grønsaker enn dei med kortare utdanning.


Vi et mindre frukt og grønt enn andre land

I Noreg et både barn og vaksne vesentleg mindre frukt og grønsaker enn i andre land sør i Europa. Til dømes viste ei undersøking i ni europeiske land at norske ungdommar åt vesentleg mindre grønsaker enn ungdommar i dei andre landa, med unntak av Island og Spania. I Noreg åt 30 % av ungdommane frukt dagleg, mot drygt 50 prosent i Portugal.

I dei siste ti åra har det vore gjennomført kampanjer for å auke forbruket av frukt og grønsaker. Dei fleste i befolkninga har framleis eit inntak av frukt og bær og grønsaker som er vesentleg lågare enn tilrådd, og forbruket kunne med fordel doblast.

Læringsressursar

Grønsaker, frukt og bær

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter