Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Næringsinnhald i grønsakerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Næringsinnhald i grønsaker

Grønsaker er proppfulle av antioksidantar, vitamin, mineral og fiber og er viktige i det daglege kosthaldet vårt. Helsestyresmaktene ønskjer helst at vi et meir av dette enn vi gjer i dag.

Ein ung mann held hendene opp, og i lufta mellom dei svevar det grønsaker. Han har på seg ei T-skjorte der det er trykt eit symbol for krinsløp. Foto.

Tenk på regnbogen når du vel grønsaker. Dess fleire fargar, dess meir variert innhald av næringsstoff får du i deg.

Karbohydrat

I grønsaker finst det mykje karbohydrat som stive og fiber. Ifølgje kostråda frå helsestyresmaktene bør vi ete meir grønsaker, fordi dei mellom anna inneheld stive og fiber. Dette er dei såkalla langsame karbohydrata. Langsame karbohydrat gir eit stabilt blodsukkernivå, og ein kan dermed lettare unngå småeting og overeting.

Protein

Vi finn noko protein i grønsaker som erter, grønkål, spinat og brokkoli.

Vitamin

Grønsaker som har sterk farge, inneheld ofte meir vitamin enn andre grønsaker. Dei norske rotgrønsakene er svært næringsrike og er blitt trendy å nytte att. Dei finst no i handelen i mange fargar og variantar.

Vitamin C

Dei fleste grønsaker inneheld mykje vitamin C. Kålrot er ei av dei norske grønsakene som er svært C-vitaminrike, og ho blir ofte kalla for Nordens appelsin.

Vitamin A

Grønsaker som har ein sterk grønfarge eller gul/raud/oransje farge, inneheld ofte karoten, som blir omdanna til vitamin A i kroppen. Døme på slike grønsaker er grønkål, brokkoli, gulrot og paprika.

Vitamin B

Av vitamina frå B-vitamingruppa er det folat som finst i grønsaker, og då særleg i dei grøne grønsakene, som spinat og brokkoli. Det er tilrådd at alle gravide tek tilskot av folat. Folat er med på å danne ryggmerg og hindrar nevralrøyrsdefektar (oftast kjent som ryggmergsbrokk) hos spedbarn.

Vitamin K

I grønsaker som har ein sterk grøn farge, finn vi K-vitamin.

  • spinat
  • brokkoli
  • grønkål

Mineralstoff

Det finst ein god del jern, kalium og kalsium i grønsaker. Ver merksam på at grønsakene tapar kalium når dei blir kokte i vatn.

Ta vare på næringsstoffa i maten

  • Unngå å koke i mykje vatn – dampkok i staden.
  • Ikkje kok eller steik grønsakene for lenge.
  • Kok grønsaker mest mogleg heile (sous vide-koking bevarer vitamina).
  • Et gjerne grønsakene rå, i staden for kokte.
  • Del opp grønsakene rett før servering.
  • Nytt gjerne grønsaksvatn i supper og sausar.

Antioksidantar

Det er forska mykje på antioksidantar, og i forskinga oppdagar ein stadig nye slike. I grønsaker av ulike fargar finn vi forskjellige antioksidantar som alle verkar ulikt i kroppen.

Vitamin C og E og betakaroten er alle antioksidantar.

Andre døme på antioksidantar i frukt og grønt er

  • lykopen i tomat
  • quercetin i raudlauk
  • lutein i spinat
  • zeaxantin i mais

Læringsressursar