1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. FjørfeChevronRight
  5. Kyllingen og kalkunen si verdikjedeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kyllingen og kalkunen si verdikjede

I alle norske kyllinghus er det til saman heile 37 millionar kyllingar! Kvar bonde kan ha inntil 120 000, dette talet kallar vi konsesjonsgrensa.

Nærbilete av ein kylling. Foto.

Norske kyllingar er avla fram for å bli kjøtfulle og blir slakta før dei begynner å leggje egg. Dei fleste er av ei avlsretning som heiter Ross, og vi får avlsmaterialet frå Skottland og Sverige.

I kyllinghuset

Kyllingane kjem frå rugeriet til bonden som 1 dag gamle, gule nøste. Dei lever fritt i store, opne hønsehus, der dei kan røre seg heilt fritt.

NB! Dei lever altså ikkje i bur, slik mange trur. Fôret er for det meste samansett av norsk korn og er styrka med (tilsett) akkurat passelege mengder vitamin, mineral og sporstoff. Kyllingane får altså perfekt ernæring; mykje betre tilpassa enn det vi menneske ofte får i oss.

Kyllingane får ikkje ete så mykje dei orkar, då kan dei bli for tunge og feite. Etter 32 dagar i kyllinghuset blir dei slakta. Gjennomsnittsvekta er då 1400–1500 gram.

Oppdrettskyllingar. Foto.

I kalkunhuset

I alle norske kalkunhus er det til saman 700 000 kalkunar. Kvar bonde kan ha inntil 30 000, som er konsesjonsgrensa.

Norske kalkunar er avla fram for å bli kjøtfulle og blir slakta før dei begynner å leggje egg. Dei fleste er av ei avlsretning som heiter British United Turkey. Vi får altså avlsmaterialet frå Storbritannia.

Også kalkunkyllingane kjem frå rugeriet til bonden som 1 dag gamle, gule og litt større nøste. Dei lever òg fritt i store, opne hus, der dei kan røre seg heilt fritt.

Kalkunfôret er for det meste samansett av norsk korn og er styrka med (tilsett) akkurat passelege mengder vitamin, mineral og sporstoff. Kalkunane får altså perfekt ernæring, og det gir dei optimal (det vil seie best mogeleg) helse frå fôret.

Etter 12 veker blir kalkunhønene slakta. Dei veg då om lag 5 kilo, og skal seljast heile – som «julekalkun». Hannane lever til dei er 18 veker, då veg dei om lag 10 kilo. Hannane blir «industrikalkun», det vil seie at dei blir vidareforedla til mange ulike kalkunprodukt.

På slakteriet / i næringsmiddelindustrien

Kvart kyllingslakt veg i gjennomsnitt 980 gram når hovud, føter, innmat, stjert og fjør er fjerna.

Kyllingslaktet har blitt skålda og avkjølt med kald luft. No er kyllingråvara klar til å bli vidareforedla i næringsmiddelindustrien.

Ein del blir selde ferske (rå), berre pakka i steril emballasje, heil eller oppdelt i ferske stykningsdelar. Døme her er fersk kyllingfilet (på gul skål).

I periodar når det er for mange kyllingar som blir slakta i høve til kva som blir selt, blir ein del kylling fryst og selt som frosne produkt.

Læringsressursar

Fjørfe

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter