Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. KjøtChevronRight
  5. Kjøtt og tillagingChevronRight
  6. MarineringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marinering

Å marinere vil seie å leggje kjøt i ei blanding av olje, krydder og ei syrleg væske. Føremålet med marineringa er først og fremst å gi kjøtet ekstra smak, alt etter kva du lagar marinaden av. Marinering av kjøt kan òg gjere kjøtet møyrare.

Ingrediensar i ein marinade

Marinade inneheld matolje, krydder og ei syrleg væske. Oljen trekkjer til seg smak frå krydderet og overfører kryddersmaken til kjøtet. Krydder, urter, løk m.m. gir kjøtet den ønskte smaken. Den syrlege væska kan vere eddik, vin, sitronsaft, surmjølk, yoghurt eller liknande. Syra gjer at møyrninga blir sett i gong og kjøtet toler lagring betre. Salt trekkjer ut væske frå kjøtet, derfor bør ein ikkje bruke salt i marinade.

Kylling i marinade. Foto.
Kylling i marinade

Tid og temperatur

Små stykke treng kortare marinering enn heile stykke. Skal du bruke kjøtet same dag, kan du la det liggje framme på kjøkkenbenken. Skal det brukast neste dag eller seinere må det liggje i kjøleskap.

Emballasje ved marinering

Det kan vere lurt å leggje kjøtet i ein plastpose. Hell marinaden over og press ut lufta i posen før du knyter han saman. Ta gjerne ein ny pose utanpå den første for å vere sikker på at han ikkje lek, eller legg han over i eit fat eller ein bolle. Ein vakuumpakkemaskin eignar seg godt til dette. Posane er tjukke og går ikkje så fort sunde. Lim posen att med éin gong utan å trekkje ut lufta. Snu og vend på han ein gong imellom. Ved å bruke pose til marinering, oppnår ein at marinaden dekkjer alt kjøtet og ein slepp å søle til koppar og kar.

Hugselappen

  • Ein marinade består av matolje, krydder og ei syrleg væske.
  • Ikkje bruk salt i marinade.
  • Marinert kjøt kan oppbevarast i romtemperatur dersom det skal brukast same dag.

Læringsressursar

Kjøtt og tillaging

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter