1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. KjøtChevronRight
  5. Kjøtt og tillagingChevronRight
  6. Kjøt og kjøtproduktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjøt og kjøtprodukt

Kjøt er ein del av det daglege kosthaldet til dei fleste nordmenn. Kjøt har mange variasjonsmoglegheiter og gir ei god mettheitskjensle. Kosthaldsundersøkinga utført av helsestyresmaktene viser at gjennomsnittsinntaket av kjøt totalt ligg på ca. 76 kg per person per år.

Ulike typer kjøttstykker på en benk. Foto.

Vi deler kjøt inn i desse gruppene:

  • raudt kjøt frå firbeinte dyr
  • kvitt kjøt frå fjørfe

Reint kjøt inneheld mykje protein, men det kan òg innehalde ein del metta feitt. Kvitt kjøt inneheld vanlegvis minst feitt, og ein større del av feittet er umetta. Farseprodukt, som pølser og kjøtdeig, inneheld ein god del metta feitt, så vi bør velje dei magraste kjøtprodukta eller reint, magert kjøt. Når vi vel kjøtmat, bør vi generelt ete dei lysare kjøtvarene og gjerne dei som har feittlaget samla og godt synleg, slik at vi kan skjere det vekk.

Les meir om dette på helsenorge.no

Det kjøtet som blir seld, skal vere slakta på godkjende slakteri og kontrollert. Kjøt og kjøtprodukt er ferskvare og må oppbevarast kjølig. Kjøt kan brukast til alle måltid og kan tillagast på ei rekkje ulike måtar.

Utfordringar til deg

  1. Sjå og les Helsedirektoratet sine nettsider og kostråda om kjøt og kjøttprodukt. Ta notat.
  2. Gjer deg kjend på sidene til opplysningskontora.
  3. Kva er fordelane med å ete kvitt kjøt framfor raudt kjøt?
  4. Set opp ein vekemeny med sunne middagar.
  5. På matprat.no finn du ei fane som heiter Hele verden. Arbeid i grupper, og lag nokre av matrettane du finn her. Presenter maten saman med fakta om landet han kjem frå.
  6. Lag ei oversikt over sunne påleggsvariantar av kjøt.
  7. Lag ei oversikt over kva kjøttypar vi ikkje bør ete så ofte.
  8. Finn ut kva kolesterol er.

Læringsressursar

Kjøtt og tillaging

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter