Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. KjøtChevronRight
  5. Partering, farse og deigChevronRight
  6. Temaoppgåve – Kjøt del 2ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Temaoppgåve – Kjøt del 2

Oppgåva vil gi deg kunnskap om å lage rettar som høyrer til norske mattradisjonar, og du får dessutan eit innblikk i utanlandske rettar med tilbehøyr.

Kjøddeig som kommer fra en kjøttkvern. Foto.

Informasjon om oppgåva

Oppgåva går over to dagar. Saman med gruppa di skal du lage ein arbeidsplan. Deretter skal du utføre arbeidet med å vurdere og lage produkta, pakke, merke og lagre dei. Du må òg vise at du kan å følgje og justere oppskrifter og rekne ut kostnader. Når arbeidsdagen er over, skal du vurdere kunnskapen din om emnet. Bruk vurderingsmåla nedst i oppgåva. Klassen blir delt inn i grupper på 3−4 personar (4 grupper per klasse).

Dag 1

Klassen møter opp i grupperom. Vi går gjennom fagstoff – kjøtråvarer, -deigar og -farsar. Etter den teoretiske gjennomgangen møter alle opp på produksjonskjøkenet i korrekt arbeidsuniform.

Oppgåve

Kvar gruppe skal

  • lage sylteflesk
  • lage medisterkaker
  • lage ungarsk gulasj med potetmos
  • lage karamellpudding

Dag 2

Klassen møter opp på produksjonskjøkenet i korrekt arbeidsuniform. Vi går gjennom fagstoff, dagens arbeid og skriv arbeidsplan.

Oppgåve

Kvar gruppe skal

  • lage kjøtdeig av storfe
  • lage lasagne med baguett og salat
  • lage fruktsalat
  • lage medisterpølser

VURDERING: praksis og teori.

Låg grad av måloppnåing

Påpeike dårleg kvalitet på råvarer, lese og forstå oppskrifter, bruke mål og vekt, delta, finne fram mål og vekt, velje ut og bruke rette råvarer.

Middels grad av måloppnåing

Identifisere, klassifisere og bruke råvarene, auke og redusere med omsyn til tal einingar, rekne ut mengd, bruke råvarer fornuftig og vere nøyaktig.

Høg grad av måloppnåing

Grunngi avgjersler, ta avgjersler, velje rette metodar, vere nøyaktig, improvisere ved behov, ta initiativ.

Læringsressursar

Partering, farse og deig

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter