1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. KjøtChevronRight
  5. Partering, farse og deigChevronRight
  6. Temaoppgåve – Kjøt del 1ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Temaoppgåve – Kjøt del 1

Oppgåva vil gi deg kunnskap om næringsinnhald, oppdeling, eigenskapar og bruksområde når det gjeld kjøt. Du får i tillegg ei innføring i dei grunnleggjande måtane å tillage kjøt på.

Lam - grytekjøtt, mørbradstek og plomme

Informasjon om oppgåva

Oppgåva går over to dagar. Saman med gruppa di skal du lage ein arbeidsplan. Deretter skal du utføre arbeidet med å vurdere og lage produkta, pakke, merke og lagre dei. Du må òg vise at du kan å følgje og justere oppskrifter og rekne ut kostnader. Når arbeidsdagen er over, skal du vurdere kunnskapen din om emnet. Bruk vurderingsmåla nedst i oppgåva. Klassen blir delt inn i grupper på 3−4 personar (4 grupper per klasse).

Dag 1

Klassen møter opp i grupperom.
Vi går gjennom fagstoff – kjøtråvarer, -deigar og -farsar.

Etter den teoretiske gjennomgangen møter alle opp på produksjonskjøkenet i korrekt arbeidsuniform.

Oppgåve

Kvar gruppe skal gjere dette:

  • Lage kjøtdeig av 3 kg KU II kjøtråvare (bruk ca. 1 % salt + 5 % is). Bruk kjøtkvern.
  • Lage karbonadar av kjøtdeig. Gå gjennom deigar og farse før produksjon. (Hugs at alt må vere så kaldt som mogleg – bruk is.)
  • Beine ut éin lammebog.
  • Skjere opp kjøt til salt kjøt og grytekjøt.
  • Surre bogar til salting/steik.
  • Koke lammekraft av bein etter utbeining (gruppevis).
  • Pakke og fryse ned alle produkt etter forskriftene.
  • Pakke/lagre/merke alt.
Karbonadar

Ca. 25 stk à 90 g.

1,6 kg malt storfekjøt (kjøtdeig eller karbonadedeig)
Ca.15 g salt
Ca. 6 dl væske (mjølk)
90 g potetmjøl
4 g (1/2 ts) peppar
1 stor løk
Fett til steiking

  1. Bland kjøtdeigen og salt i ein kjøkenmaskin til deigen er seig og klebrig.
  2. Spe med litt og litt av væska.
  3. Bland inn potetmjøl og smak til med salt og peppar.
  4. Finhakk løken og bland den inn.
  5. Lag ei prøvekake og steik den. Juster med meir væske vis den er for fast, meir potetmjøl om den er for blaut, eller meir krydder om den smakar for lite.
  6. Form karbonadar på ca 90 g (bruk form) og brun dei raskt på begge sider. Steik karbonadane ferdige i panna på middels varme, eller i omn ved 150ºC i ca. 10 minutt.
Bilde av hvordan man lager kjøttfarse trinn for trinn

Dag 2

Klassen møter opp på produksjonskjøkenet i korrekt arbeidsuniform. Vi går gjennom fagstoff, dagens arbeid og skriv arbeidsplan.

Oppgåve

Kvar gruppe skal gjere dette:

  • lage kjøtsaus (dobbel porsjon)
  • dressere flatbiff til roastbiff
  • beine ut éin oksebog og tre svinebogar
  • skjere opp grytekjøt til ragu/gulasj
  • lage kjøtdeig
  • lage medisterdeig
  • pakke kjøtdeig
  • steike roastbiff
  • koke oksekraft
  • pakke/lagre/merke kjøtet
Kjøttsaus til pizzahorn/pizzaboller

Kjøtsaus

1 stk løk
0,5 kg kjøtdeig
1 ss olje
3 ss tomatpuré
2 små bx herm.tomat (400g)

Smakes til med:
Oregano
Malt svart pepper
Hvitløkspulver
Salt

Framgangsmåte:

  1. Steik kjøtdeigen i olje til ein grynet masse. Tilsett hakka løk og la det surre saman til løken er blank.
  2. Tilsett tomatpure og hakka hermetiske tomater. Kokas til det begynner å tykne.
  3. Smak til med krydder.

VURDERING: praksis og teori.

Låg grad av måloppnåing

Påpeike dårleg kvalitet på råvarer, lese og forstå oppskrifter, bruke mål og vekt, delta, finne fram mål og vekt, velje ut og bruke rette råvarer.

Middels grad av måloppnåing I

Identifisere, klassifisere og bruke råvarene, auke og redusere med omsyn til tal einingar, rekne ut mengd, bruke råvarer fornuftig og vere nøyaktig.

Høg grad av måloppnåing

Grunngi avgjersler, ta avgjersler, velje rette metodar, vere nøyaktig, improvisere ved behov, ta initiativ.

Læringsressursar

Partering, farse og deig

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter