Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. EggChevronRight
  5. Kvalitetskontroll og sorteringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvalitetskontroll og sortering

Kvar nordmann et i gjennomsnitt 11 kg egg i året. Det vil seie om lag 175 egg per person per år eller om lag 1/2 egg om dagen. Dette er inklusive egg i baking og anna matlaging. Forbruket har vore stabilt i fleire år, men heilt i det siste har vi sett ein svak auke i forbruket.

En åpen eggekartong med et "smilende" egg i. Foto.

Eggproduksjon i Noreg

Fjørfe kom etter måten seint med blant husdyra våre i Noreg. Tamt fjørfe ser ikkje ut til å ha vore noko særleg utbreidd før i vikingetida. I dag har vi om lag 3,5 millionar høner og er sjølvforsynte med egg. Når vi snakkar om egg her i Noreg, snakkar vi heilt sjølvsagt om hønseegg.

Høna legg det første egget sitt når ho er om lag 19 veker gammal. Ho verp nesten eitt egg kvar dag, nemleg 6 egg på 7 dagar. Levealderen til ei høne er om lag 70 veker. Eggproduksjonen har då begynt å avta, og hønene blir slakta og selde som høns.

Eit gjennomsnittsegg

Eit egg veg i gjennomsnitt 63 gram. Dette egget består vidare av

om lag 57 % eggekvite
om lag 33 % eggeplomme
om lag 10 % skal

Norges største hønseegg

Delen plomme og kvite endrar seg litt etter kor store egga er. Dei aller største egga har ein større del plomme i høve til kvite, og med små egg er det omvendt. Det er om lag like mykje eggeskal på kvart egg. Det vil seie at store egg har tynnare skal enn små egg. Det største egget vi kjenner til her i Noreg blei lagt i Høyjord i 1993. Egget vog 210 gram!

Kvalitetskontroll og sortering av egg

Når egga kjem inn til eggpakkeriet har bonden allereie sortert ut klink-egg (brest i skalet), deformerte egg (ruglete skal o.l.) og ureine egg (skitent skal). Desse egga går berre til industri.

Vidare blir egga sorterte på eggpakkeriet ved gjennomlysing. I eit lite, mørkt rom sit det ein kontrollør og sjekkar egga som kjem på band forbi kontrolløren. Under egga er det sterkt lys som gjer at ein ser egginnhaldet gjennom skalet. Eventuelle blodflekkar, "kjøtflekkar", store luftrom, tyntflytande kvite eller brest i skalet blir då oppdaga, og egga blir sorterte ut. Resten av egga blir klassifiserte som A-egg.

Desse egga deler ein så inn i fire ulike storleikar etter vekt:

  • S (small) 45–53 g
  • M (medium) 53–63 g
  • L (large) 63–73 g
  • XL (ekstra large) 73–78 g

Egga blir selde i pakningar à 6, 9, 10, eller 12 egg eller på brett med 20 eller 30 egg.

Trygge, norske egg

Norske egg er av topp kvalitet i verdssamanheng når det gjeld å vere reine og helsemessig trygge. I dei fleste andre land er situasjonen ein heilt annan. Større delar av både egg og fjørfekjøt er infiserte av salmonellabakteriar. I enkelte land blir forbrukarane åtvara mot å ete egg og eggerettar som ikkje er varmebehandla tilstrekkeleg.

ISO-sertifisering av eggpakkeri

Dei fleste norske eggpakkeria er ISO-sertifiserte. Dette sikrar at alle i kjeda frå bonden og til butikk/bedrift følgjer oppsette prosedyrar over korleis egget skal behandlast for å oppnå den kvaliteten ein er ute etter.

Læringsressursar

Egg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter